*Eldrid Lunden*


Eg er Anna, eg er tjueåtte
år, eg er synleg
mot entredøra kvar morgon, ei open
rørsle i lufta.

Eg er Anna, eg er tjueåtte
år. Eg tenker oftare og oftare
på at eg er synleg mot entredøra
kvar morgon, så sit eg i bilen.

Eg er Anna, eg har
ein flekk på tunga
det er eit ord der, det
veit eg.

Det er stille i skogen
om hausten, blikket hennar
ein klår drope over huda.

Eg er Anna, eg kjenner
tyngre og tyngre luft over
hovudet, eg veg mindre og
mindre for kvar dag.

Ein morgon eg kjem ut
har fargen i lufta kome litt
nærmare, i det eg snur
meg og låser døra, høyrer
eg kanskje bremser frå
ein bil.

Stimar av væte på overflata, vår
vesle grå væte, ytterst
i porene.

Det er mange blanke
motseiingar i sjøen, i dag
er det dei langsgåande linjene.

Eg er Anna, eg ser
gult gras innover strendene, og kvite
fuglar mot stormen.

Eg flyt nodover vegen og lyset
noe lett kom med lyset som eit
blaff på vekta, så opnar eg
klærne og lyset styrtar ut
av kroppen min.

Eg står på vegen, med
vinden spinkelt langs
meg, ganske enkelt.

Mammy, Blue (1977)

(mykje starta her for meg)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>