*eple+ho*

Det minkar her på garden med epler,
kanskje du et på eitt nå?
Tonn på tonn er blitt kjørt herifrå,
og ut.
Til folket.
Fint synest eg.
Det er han som er bonde.

Ho med ei stor pingvinklemma i håret.

*dikt*

-la berre regnet regne,
la berre sola sjå,
la berre vinden blåse,
la berre hjarta mitt slå
Jon Fosse, Hundens bevegelsar 1990

*N*

Ho kom på besøk, aleina.
Ho er ei diamantjenta!

God søndag i haustregn.

*laurdagsbesøk*

Me blitt invitert på pizza på nabogarden, pakkar ho i vogna og går ut i regnet.
Håpar din laurdag er haustfin!

*bryllaup*

Dette var fint.
Sommardag i august.
Nå nygifte.
Eg heldig som fotograf.

*Eg likar haust*

Ho visar meg gamal kunnskap på ny:
Eitt menneske treng: mat, søv og kjærleik
-i kvardagen

Han hentar eple:

i sol,
i regn,
i vind
og i skodda.
Den beste lukta kjem, når så mykje epler er samla på ein stad.

Jenter + mat&vin + latter på kjøkenet = laurdag


Eg likar haust.

*tre*

Me er tre veninner med kvart vår litle menneske på lån,
me møtes når det passar. -gjer ting som er godt for oss.
Litla jento og eg er avhengige av andre, -lydane, rørslene, alt -eigentleg.

*langbord*

-i helga vart jento vår døypt,
festen var i min barndomsheim:
21 mennesker,
roser,
3-rettars frå godtanto
og latter.
Me var så glad av og etter dagen,
så me avslutta den med raudvin i mjelkeglas på altanen i kveldsol, Perfekt!-

Heile helga var det lang bord: eg nyt det!

Nyt også: stillheten aleina med jento måndag morgon.