*Det er fint å venta på at gode mennesker skal fylle heimen*

Det er fint å venta på at gode mennesker skal fylle heimen.
Prosecco til velkomst,
kyllingsuppa med chilli og karri,
panna cotta med bringebær og lime til dessert.

Timane gjekk fort, plutseleg nesten morgon.

Hekling og VM
Det er godt at våren kjem,
kjenner heile kroppen lengtar,
lengtar til lyset og fargane
Sjølv om eg likar mørket,
og dei lysa som kan tennast i det

*den gode kvardag?*

Me er ein gjeng på 10 veninner/sambygdingar som har klubb,
me møte hos kvarande ein gong i månaden. Februar var det her på garden. Mitt tema for kvelden var: din kvardagslykke? kva er ein god kvardag? Kva er det som gjera at du legger deg glad om kvelden?
Her er svara:



Kvelden var super! Meiningar, latter og vin!

Kva gjer din kvardag god?

*jentene skal på tur*

Jento vår her i strikkajakka som mi tanta strikka til meg som lito jenta! Stas!
Pakkar baggen, jentene skal på tur til viko. Mi vik, fint fint!
Ute bles det, fjorden låg kvit,
nå er det mørkt.

*23juni2010*

Jonsok 2010:

I dag,
bilder frå mi fyrste jonsok feiring med jonsokbrur,
men finast:
Mi fyrste jonsok som mamma.
God morsdag der ute!
Til mi mamma: DU er den Beste,
for meg!!

*Vinter: 2010*


Me feirar han
og me ventar på at Anna skal komma,
utan at me veit at det er Anna som skal komma,
og eg heklar.

Denne flotte jenta kjem inn i dagane,
med det finaste håret,
ho er er veldig god å drikka kaffi i lag med. Og te.

Me er denne vinteren tre veninner som ofte et lunsj i lag.

Magen veks, eg pyntar meg. Ultra stolt.

Me får nytt soverom.

Påsken kjem,
med ute måltider og sol som gir raude kinn.
Et mykje cottage cheese med frukt og vatn med sitondråpar.
Det var ein stor slager.

Pyntar meg meir,
her med tapeten på soverromet som bakgrunn.
Eg får førarkort!
Han seier det er så stort at me kan feira kvart dag i eitt år,
det har me ikkje gjordt.
Men me er uendelig glade!
Me reiser til heimbygda mi.
Grillar pølser med fine folk!

Me inviterar på heimalaga sushi!

Han er flott og likar kaffi.

Kjøkenet nede,
før me flytta opp.

*søskenbarns barn*



Me har hatt besøk. Familie som er venner,

venner som er familie.
Jento vår blei fan av litle M som trippa rundt på golvet her i ballerinaskor i sølv.
Me drakk kaffi, snakka om framtida, gjekk tur i regn, hadde det søskenbarn godt.

Me håpar det blir ein tradisjon!