*det er ope landskap og familie og klokka er 16. ca 00*

Det er jo nå,
det er ein sommardag (nesten) i denne sommaren som ikkje ynskje å byrja,
Anna og eg er på øy,
det er ope landskap og familie og klokka er 16. ca 00
-og desse finingane står å tar i mot oss,
i mot oss som kjem til deira heim.
Velkomsten er mine søskenbarn!

Anna nyt å vera i vikjo her på øya.

Det opna landskapet, tilhøyre også huset. Inni.

Igjen opplever me,
å setja oss til eit bord,
dekka med varme og kjærleik.
Eg nyt,
dei høge lydane av høge stemmer,
gåbilar,
leker med lydar av traktor og alarmar
og latteren,
-dei fine lyden som kjem ut av eit menneske som opplever gleda,
som har det godt akkurat då i augnablinket,
dei små og store menneska,
min familie.
Fine Ingeborg er det yngste søskenbarnet eg har.
Ho er 4 månadar eldre enn mi Anna.
Igjenn kjenner eg meg heldig:
for kjærleiken!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>