*Søskenbarn Bjørg og hennar fine gjeng*

Her er Bjørg, gode Bjørg.
Her er ho med den fine gjengen sin!
Heldige meg,
som fekk fotografera denne familien,
den einaste dagen sommaren kom når me var på øybesøk,
Anna og eg.






Bjørg er 9 månadar eldre enn meg og mitt søskenbarn,
ho og besto vår, eig same navn.

Eg er oppglød!

Eg er oppglød!:
Ane Brun sin singel: “Do you Remember”
kom til meg i dag,
den er nå høgt i rommet, oppatt.
Den er fantastisk!
Du ser på bilde av ein kvelds frå veka som var.

Dagens frukost.
Anna ligg alt å søv.
Han er alt ute.
Eg nyt denne stunda.
Han sitt måltid, trur det er kvelds.
Han ordnar maten forskjeligt frå meg,
eg likar det.
Søtfrukost.
Mitt eige plommesyltetøy på brie og grapfruktjuice og italiensk te, teen var ei vertinnegåve frå veninne som var på måltid tidlegare i veko.
Teen som er italiensk er kjøpt i Ålesund
og
nå er den her i fjorden hos meg.
Den reisande verda.

Klar til dagen.
God laurdag
godt folk!

*Etterpå tar ho seg litt grasløk, sånn til dessert*

Det er søndag og sommaren kom på besøk.
Det er dagen han har fri. Me er i lag.
Det er dagen over alle dagar,
for oss tre.
Sommaren kom og Anna fekk halda og eta sin fyrste is.
Ho lukkar augo og nyt.
Det er det finaste eg har sett på lenge.

Ho sit på fanget med og mysar litt igjennom isetinga.

Etterpå tar ho seg litt grasløk,
sånn til dessert.

Me skal ikkje sova bort sumarnatta, og eg velger meg desse jentene å vera vaken i lag med.

Me skal ikkje sova bort sumarnatta,
og eg velger meg desse jentene å vera vaken i lag med.


Det er onsdag og italiensk meny:
pizza med spekeskina og panna cotta,
Me drikk av krystall som er bryllaupsgåve til mamma og pappa og me er i barndomsheimen
og me snakka om kjærleik,
den store vanskeleg
og uendelige fine
kjærleiken.

Me er tre og me kan latter og samtalen.
Desse finingane er:

To av dei nydligaste!

Kjersti og Theresa.

*Maria*

Me sit i kvar vår stol i stova til besto vår,
Maria og eg,
me et God morgon yoghurt og det nærmar seg kveld
og det er laurdag
og ho fortel meg om den nye fiskestaga si som ho ynskje å bruke seinare på kvelden.

*det er ope landskap og familie og klokka er 16. ca 00*

Det er jo nå,
det er ein sommardag (nesten) i denne sommaren som ikkje ynskje å byrja,
Anna og eg er på øy,
det er ope landskap og familie og klokka er 16. ca 00
-og desse finingane står å tar i mot oss,
i mot oss som kjem til deira heim.
Velkomsten er mine søskenbarn!

Anna nyt å vera i vikjo her på øya.

Det opna landskapet, tilhøyre også huset. Inni.

Igjen opplever me,
å setja oss til eit bord,
dekka med varme og kjærleik.
Eg nyt,
dei høge lydane av høge stemmer,
gåbilar,
leker med lydar av traktor og alarmar
og latteren,
-dei fine lyden som kjem ut av eit menneske som opplever gleda,
som har det godt akkurat då i augnablinket,
dei små og store menneska,
min familie.
Fine Ingeborg er det yngste søskenbarnet eg har.
Ho er 4 månadar eldre enn mi Anna.
Igjenn kjenner eg meg heldig:
for kjærleiken!

*spring ut i blå morgonkåpe, til blomane*

Anna likar å bla, ho bler i bøkene sine oppatt og oppatt.
Ho ser på så mus,
høns,
gutar og jenter
som spring fort forbi ettersom ho blar,
ho bler svært fort.
Me er her ankomen Anna si oldebesto, mi besto.

Huset er kvit og det ligg i ein sving.
Me er på ei øy.

Anna et 1,5 komla,
i stolen og kjolen
som for tilhøyre min barndom.

Det er så mange typar varme i dette huset her.

og frukost ca 08.00.
Me ventar på kvarandre.

Og tinga heng der,
som vanleg,
der dei høyrer til.

Spring ut i blå morgonkåpe, til blomane.
-før fukost

-for frukosten smakar betre då.
Altså med blomar på bordet.

og verdas beste mjelk.
Kald og rett frå tanken.
-og besto
og tanta med den finaste latter.

forsetjing kjem..

Det varmar med så mange nye følgarar!
Velkomen!!

*Gerd Ingrid*

Gerd Ingrid er den heldige vinnaren av Sarah Reed sin “Glad i vase”!
Så kjekt! !
Du får den levert på døra i veko som kjem.

Gler meg.

1 2