-desse små gode nevane omkvarandre, på kvarandre

Det er nå søndag og kveld, det har og er helg, eg sit her på garden så glad for menneska eg har rundt meg og oss, så glad for vennskap som har vokse fram over år, som eg kjenner blir sterkare, modigare og stoltare
-i og av,
det er vidunderligt.
Det blei ei helg proppa fyll av sommarlykke!

-om du har handkle rundt din hals, kan du ver supermann!

-om du har sterke never rundt din kropp kan du kjenne deg trygg,
litle bror trygg.

-desse små gode nevane omkvarandre, på kvarandre

desse fine menneska,
våre favorittar,
sein middag i kveldsol
-på besøk hos dyr
lagar pimms i kjole
Nyt reker og kvitvin i sol.

 Når sola kjem, eller nesten kjem,
vil me berre vera ute.
Anna vil faktisk ikkje mykje anna enn å vera ute,
så me er ute.
Fint.

det var laurdag, og eg likar laurdagsgraut,
her med veldig fine gjester.

Ho elskar jordbær
og
ho elskar å sitja oppå bordet.

Ho er her,
ingen anna stad.
Ho viser meg så uendeleg mykje.

Også er ho fan av trappemåltider,
eller kanskje utemåldtider generelt.
I dag pakker me korga
og bagen, me reiser på feriehelg med nokon av dei finaste!

Har du planar for di helg?
Nå som det er høgsommar.



-dette gjer det lettare å puste.

Nå når dagane har vore så tunge, så vonde med alle tankane om kor ufatteleg det er,
alt kva ein person kan vera i stand til.

Så er det så uendelg godt å ha ein 15 åring i hus,
(i lag med ei fantastisk Anna med sine 14 månadar som utforsker verda, fort fort)
ei som står ved sida mi når me tenner faklar ved vegen og ber høgare makter om kjærleik til dei som står at,
til dei som har mista,
det som er umisteleg.

Å ha ei som krøller seg på sofaen i huset og ønsker at noko

skje,
for så å jogga oppover og ned og inn i fjorden,
-å strekka kroppen ut i fjorden,
rusla heim i vått undertøy,
laga vegitarsushi
som min 15 åring ikkje tok inn på sin Topp ti av favoritt måltid.

Her dans blant epletre.

dette gjer det lettare å puste.

så mykje vondt-

Det har vore stille, det har skjedd så mykje vondt, så mykje trist, så ufattelig tragisk.
Det er vanskeleg med ord.

Life changes fast. Life changes in the instant. You sit down to dinner and life as you know it ends.” Joan Didion

Det er så godt å veta at dei er -

Det er høgsommar og eg møter Selma for fyrste gong, ho er min venn si dotter, eg kjem ned til stranda ved huset,
Selma er vaken når eg kjem, ho har vore vaken i fleire timar, ho er vakker. Det er varmt i lufta, det er sjø mot land, det er små blomar og eitt kvit teppe strikka av ei bestemor for lenge sidan, det er sommardag og eg kjem for å fotografera, dei er så fine!
 Det er så godt å veta at dei er -

♥Villemo♥

Det er komen ein heilt ny jenta til verda,
ho heiter Villemo
og er nå to dagar
Ho bur på øy og ho er heilt ny,
ho kjenner mammaen sin sitt hjerteslag,

ho er heilt ny

Me her på garden gler oss så stort over Villemo.
At ho er

at ho er komen til oss,
her

Snart ein dag, er det tre små jenter
i eit bilde som kan ligne på dette

To heile store år!

Denna finingen er blitt to heile store år og inviterar til fest.
og han likar båtar,
spesielt godt.
i vindukarmen finn du dette fine her. 
Storesøster og kjolefin.
Ho samlar på kjolar og er god på paradis.

Anna er gjest,
ho velger jordbær i stadenfor kake.
Gode avskjedar,
kan gjera så uendelig godt.

Ho kjem med bussen.

Ho kjem å opnar opp,
ho kjem og det føles
livsviktigt.
-for dagane.
Me drikk bobler, som kjem frå Italia via Oslo til Hardanger.
Ho kjem med bussen.
Fekk gåve, som er som inga anna gåve eg har fått.
Tørka myrull frå Nyksund. Nå: i fine vasar i mi stova.
Bringebærsyltetøy pitla av ho i utkanten av vår hovudstad
Te frå tekarusell
sjokolade som smakar så godt i hennar munn
og ein anna som smakar så godt i Eldri sin munn,
nå ligg syltetøyet og sjokoladen på vent i mitt kjøleskåp, til den stunda som skal passa, til den gode stunda som er stunda for å opne dette, ete det opp, la sjokoladen og syltetøyet bli til ingenting,
-fysisk.

Ei natt om:
-å ikkje begrensa seg, la det vera ope, flyte ut, la det komme
og
bli

legger meg i senga, timar etter du var her, for å kjenne at du er

Takk.