♥den finaste Anna♥

den finaste Anna
-som viser meg så ufattelig mykje

-du er heilt stille, men eg veit at du er der, er det noko du ynskje å sjå? Er det noko eg kan visa deg?-

Anna bur nå i Bergen.

Anna bur nå i Bergen.
Anna og eg.
m,Og ho går, i full fart på fram, det har ho snart gjort i tre veker.
Det er så fint å sjå korleis ho tar stega sine,
ko rleis ho løftar skuldrene og går på.

 ♥

-eit av sommarens høgdepunkt, er å sjå isetande born♥

Eit av sommarens høgdepunkt,
 er å sjå isetande born
 
Dette er Oda,
ho er i vår stova og et sin ispinne nr to
-i livet sitt

-var også i lag med Oda då ho fekk sin fyrste
-då hadde ho bursdag og var alt veldig god på is!

Fortel meg eit av dine sommarhøgdepunkt?

i eit lite sekund var det som om ho sank mot han

Eg fekk sjå korleis ho lena seg mot han i det dei møtes oppe ved alteret,
i eit lite sekund var det som om ho sank mot han,
gav sin kjærleik så tydeleg,
 så vakkert,
at alle håra på kroppen reiste seg,
i berundring.

Tusen Takk for at eg fekk dela dette med dåko!

Katrine, som er god og som har desse orda mot sin kropp: stolt mamma

Dette er mi Katrine,
søskenbarn Katrine med hennar fine gode gjeng!

dei bur også på øy

Katrine som alltid kjem,
der eg er når eg er på hennar øy,
kjem å brukar av si tid på oss

og lar oss bli kjent,
med Mathilde,

Mathilde
-som likar å fly høgt i lufta og gjennom rom

som har ein pappa med gode nevar

 som likar å plukka blomar

som er nydelig!

Katrine, som er god og som har desse orda mot sin kropp:
stolt mamma


-i vindauga finn du saft og blomar, på veg ut

Dette er fine Linn og fine Olav.

Me er blitt invitert på mddag,
det er onsdag og sola står høgt og sommaren er på hell

Dette er Nora.
Ho er ein stor favoritt,
ein favoritt som plukkar moreller til dei som skulle komma innom tunet hennar.
Også i dag har ho ring på seg,
på den høgre litle fingeren.
-i vindauga finn du saft og blomar,
på veg ut
Anna med sol i håret
å ha venner er godt
utemåltid under eit morelltre i august

ho skriv heile alfabetet og spring fort
-elskar ho, høgare enn himmelen

Anna i reilo med fjorden som utsikt. Ho reilar kvar dag

og me diggar desse jentene her!




Og tusen takk for alle fine komentarane, det varmar. 
-det er jo dei som gjer bloggen levande.

Reiser til øy!

Reiser til øy,
i kjole med roser under armen,
reiser for å møte eit nytt menneske,
reiste for å møte Villemo.
Møter Villemo,
ho er ny og vakker,
og eg opplever å vera så velkomen,
det heile varmar, heile meg.

Det er forandringar sidan sist, 

store fantastiske forandringar

det ligg i lufta, som eit teppe om oss, alt det nye,
 og det er som om mykje smakar ekstra godt,

og denne nydliga jento kjem,
på besøk
i full fart inn dørane,
så mykje å sjå,
så mykje å visa
å vera stor, men liten
og
liten og stor
Matilde og Villemo,
Anna i tankane.
Søskenbarn sine barn.

Det er så godt å kjenne kvarandre!

Det er Under! Det er Magi! Sei Hei! -til Villemo 4 veker.

Det er Under!
Det er Magi!
Sei Hei! -til
Villemo 4 veker.

Ho er komt inn i ein sirkel kor det ligg

mykje varme,

mykje godt

mykje

kjærleik

Villemo, som er heilt ny
er mi Cecilie,
mitt søskenbarn Cecilie si dotter,
Villemo kjem til å vekse opp med ein latter som er så god at den drar i meg av glede,
for ingen kan le som mitt søskenbarn Cecilie.

I sirkelen av mennesker rundt Villemo finn du gode vakre Katrine,
som også er mitt søskenbarn,
fine jentene!
Me er så stolte så glad for Villemo og Cecilie!

Den finaste Villemo

som er så godt beskytta av mamma si.

Fine ting ein seinsommarlaurdag:

å sykle på fest og det er laurdag og seinsommar og
kvelden og natta er fri,
 og det er han og eg,
 saman,
 og me veit at Anna vår er  trygg 
å bli ønska velkomen av denne fine finingen!

å sjå desse fargane
og desse kjenslene
å veta at nokon har venta på deg, kanskje heile dagen
å vera velkomen og høyre trommespel
på sjølvlagde trommer
rundt eit bål
og det er fullmåne.

å vera i eit tun som har så mykje varme
å vera mett i magen på reker og bringebærkake og litt på ein vingalei

å vera i dette kjøkenet og klokka er 23:42
å ete kake etter 24:00

å drikke kaffi inne og ute
å vera gjest 

hos ei som viser meg

noko som er heilt nytt for meg,
-som trommereise

Ho er lik ein filmskodespelar.

Anna og eg reiser høgt opp med bil,
for å sjå fjorden me bur i,
for å stå høgt over å kjenne på den store vakre naturen her,
for å visa jento mi kor dagane hennar oftast er.
Der oppe i høgden over bygda, bur Lise,
Lise er vakker,
 slank,
 oppreist,
 djupe augo,
hår oppsatt i nakken.
Ho er lik ein filmskodespelar.
Anna og eg stikker innom Lise,
for å sei sommarhei,
for å sjå ho,
ho finn kake og kaffi,
det er varmt,
det er seinsommar og snart haust,
me sitt på ein benk av stein,
me snakkar om å komma til ein stad,
 om å ta sin plass,
om å vera seg sjølv.

1 2