Fine ting ein seinsommarlaurdag:

å sykle på fest og det er laurdag og seinsommar og
kvelden og natta er fri,
 og det er han og eg,
 saman,
 og me veit at Anna vår er  trygg 
å bli ønska velkomen av denne fine finingen!

å sjå desse fargane
og desse kjenslene
å veta at nokon har venta på deg, kanskje heile dagen
å vera velkomen og høyre trommespel
på sjølvlagde trommer
rundt eit bål
og det er fullmåne.

å vera i eit tun som har så mykje varme
å vera mett i magen på reker og bringebærkake og litt på ein vingalei

å vera i dette kjøkenet og klokka er 23:42
å ete kake etter 24:00

å drikke kaffi inne og ute
å vera gjest 

hos ei som viser meg

noko som er heilt nytt for meg,
-som trommereise

1 Comment on Fine ting ein seinsommarlaurdag:

  1. Elri
    Måndag, 15. August 2011 at 6:42 pm (8 years ago)

    Dette er jo helt fantastisk drømmebra! Trommereise vil jeg på!

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>