Fordi:

ho kjem inn i tankane når eg tenker på havet og for eg savnar stemma hennar og rørslene i fingarane når ho snakkar eller syng. Ho syng songar for meg, stille på ord eg ikkje kjenner, ho har synge songar i senga på toget i gongen. Ho trur på kjærleiken. Sterkt.

Anna likar:

-sølepyttar, fleecejakka si, joggeskor og brokkoli

plastilina, drømmehagen, matlaging og vatn
-vatn som i springen, i dusjen, i fjorden, i dammen utanfor huset, i regn og i bøtta som har stått ute i regn

is(is som dessert eller is som ein plutseleg berre et for det er så godt), tannkost med tannkrem til å suge av
og Bø&Bæ

klemmar og musikk med trommer
og
ho dansar med heile litle store kroppen sin

God laurdag i regn.

ka likar du?

I dag heiar eg litt på:


Dette er ein liten bilde kavalkade:
 om ein samla famile på fira,
 ein himla bra familie på fira!

 Mi oppleving er at mange familiar ikkje har bilder av gjengen samla, for nokon må vera det auga som ser inn.
Det var stas å sjå desse bilda i lag, så at tida går, sjå at me veks
framleis og kanskje
sterkare
mot
kvarandre.

I dag heiar eg litt på:
familien.

korleis og kva
 familie,
-det vel du sjølv

om du også heiar

-det er slik som sitt att og utvidar.

Det er i ei stove på Cuba, eg er solbrent og det er dagen etter bursdagen min som er i desember, tven surrar i bakgrunn og det er ei lita jente på kanskje ni som tar bildet, ho bur i huset som me er i og neste dag går ho og eg på museum saman, hand i hand, med kroppen som vårt språk. -det er slik som sitt att og utvidar.

Det er søndag.

Det er søndag og haust og dette er bilder frå dagar som alt har vore,
nå sover Anna og det er stille i tunet.

-små samtalar som sakte lagar nye samanhenger-

Her satt eg tirsdagsmorgon, det var fyr i den opne peisen, det var klar luft ute som lova oss haust, det var nye spennande mennesker, det var te i koppen og små samtalar som sakte lagar nye samanhenger. Det var ultra godt!

1 2