Du kjære lesar har ikkje blitt introdusert til min kjære bror!

Du kjære lesar har ikkje blit introdusert til min kjære bror!
Her er han, verdas finaste og beste bror (-for meg!)
Det er han og eg,
og det er akkuratt passe heilt super fint!

Desse fotografia tilhøyre ein midtsommarsdag,
kanskje den viktigaste for vår familie denne sommaren.

Bror Christian tok eit kjempe stort valg,
nå bur han på vestlandet att,
det er det mange år sidan.
Me feira det med bringebær med melis!
-og med besto sine varme gode strikkesokkar på beino.

Serie av bilder, alle med raudt i.

Har du ein storebror?

Ho er 89 år, og bøyer heile den slanke kroppen sin ut vindauga for å sei hadet.

Me har igjen tilbrakt timar på øy: i min pappa sitt barndomsrike
og mi ferie øy
og nå Annas.
Her står ho i si oldemor sit barndomshus, mi farmors barndomsheim,
 Anna si oldemor er ikkje lenger her,
men allikavel er ho her sjølvsagt,
som i stova her,
i stova som er hennar syster si nå,
her er ho,
 farmor over alt,
og det gjer godt.

Ho er 89 år,
 og bøyer heile den slanke kroppen sin ut vindauga for å sei hadet,
sei at ho blei så glad for besøket,
sei hade og
sjå oss gå,
ho vinka heilt til me var rundt svingen,
då kunne me ikkje sjå kvarandre lenger
Me kallar ho tante,
sjølv om det er tanta til pappa ho er,
ho er ein lidenskapleg amatørfotograf,
ho har eit arkiv med lysbilder som eg aldri før har sett maken til
eit av minne varmaste barndomsminne i frå øya her,
er når ho hadde framsyning av lysbilder i den litle gongen sin, ho
hadde då hengt opp kvit laken framføre døra inn til kjøkenet,
ho og eg på to kjøkenstolar med projeksjonsapparatet i mellom oss,
bilda, lyden, lukta
og ho ivrig med føttene i tøfler mot grønt gulvbelegg

Søskenbarnet mitt Anette Lida og Anna.

Anette Lida
 Lida – etter vår farmor,
-mange ho møter trur ho heiter Linda.
Anette har svart langt hår,
det mørke svarte håret
er sterkt i vår familie.
Eg likar det,  sjølv har eg det ikkje
det ligg så mykje i det,
i det mørke,
om forflyttning av mennesker
i form av reiser,
det mørke håret og den brune huden.

Resten av søndagen, blei Anna ufatteleg glad i min onkel, min fars einaste bror, ho ville berre vera i lag med han,
vera i lag med han og sjå på kattane, vera med kattane og sin gamleonkel (-eller granonkel, gamleonkel brukar me)
ho vinka meg hade, for her ville ho bli!
Det skjønna eg godt, for det var veldig godt å vera der.

God torsdag godt folk!

Halsnøy kloster + juletrefest

Dette er hovudbygningen på Halsnøy Kloster, og er frå ca 1100 talet -det seies å blitt grunnlagt av jarlen Erling Skakke i samanheng med at sonen Magnus Erlingsson blei krona til norsk konge.

Sånn var det då, men år og dag etter, i hundrevis av år etter,
 hadde me, min familie  tradisjonen om å ha juletrefest i dette lokalet!

-i minnet er denne dagen magisk,
alltid 4 dag jul,
 i den fyrste stova stort høg juletre med norske flag,
fin skor på inne, god mat som blir ete ved langbord
og latteren.
Alltid det store, gode høge latteren.

å alle menneska
som kjem til øya
frå by og bygd,
 for å vera i lag,

alt på grunn av desse:

besto og bessen! 
Fotografia er frå 2006.

Min gode besse er ikkje lenger,
 besto er!
 Svært vakker!

Har du tradisjon om juletrefest? Og korleis?
Å. fortell.

-tradisjonen om juletrefest 4 dag er framleis i vår familie, men ikkje i dette storslagne huset.
Kjenner at eg ønska det var.
TUSEN takk for fine og gode kommentarar på forje innlegg. Det varma og gir mykje!

-det er jo du som gjer at bloggen er.

-ser at du er her inne, men du er stille. -kjenner nå at det også gjer meg stille, her på bloggen.

-det er jo du som gjer at bloggen er.
Det gjer meg glad,
at du besøkar!
Blir også glad om du seier: Hei!

-er det noko særskilt som bør få fokus?

Fotografiet er frå ein vårdag her i byen, nå er det år sidan. Framleis likar eg det godt.

-du er vidunderlig!

Å sitje på kjøkenstolen til ei som har kjent meg heile livet, ei som alltid ha vore der, ei som suslar på i sitt kjøken, å kjenne på varmen og drikke kaffien som står klar på disken, å sjå kvardagsrutinar, høyre deira lydar, kjenne på den opne samtalen, å sjå at det er stort rom også for mi dotter, høyre sonen i huset komme heim som ein virvelvind av god energi

-det er den beste tirsdagen på lenge!
For me feira i dag denne gode gode jenta som  gjor vår tirsdag til den beste på lenge! Feiring er stas. Bilda er frå forje besøk me var på i denne heimen.

Catharina, du er vidunderlig!

er din tirsdag god?

Del 2: Kavalkade.

-det er januar 2011(ikkje 2010, som bildet seier): Anna er i denne månaden sjuk for fyrste gong.
Ho er nær, eg blir beskytter , -meir enn vanleg.
Me bur i “nytt” hus og ute er det vinter,
Malene kjem med Fiola inne i seg.
Det er også ein månad eg lengta mykje heim til barndomsbygda mi.
Me feirar han og vår fyrste morsdag!
Heklar, ser VM på ski, lagar loppemarknad og Anna -alltid Anna.
Går tur, reiser til heimbygdo og har fine gode besøk!
Lagar fastelavensøndagsfest!
40 boller og eplasaft og godt besøk!

Anna er,Anna visar fort kor stor ho er -utanpå,  Anna krabbar med krune

1 fantastisk år blir feira med sommarkalas!
sjå her: Kalas!
Fotografi er frå 13 juni, det er dagen Anna et sin fyrste is.
Ho lukka augo då, i eting av isen.
Reiser på tur med nokre av våre storefavorittar, det gjer godt!
Tilbakeblikk.
Anna et favoritt fasto sine  gode kaker for fyrste gong,
det gjer inntrykk.
Seinsommer.
Anna går sine fyrste steg på trampolinen til nabo,
det er stort
å sjå jenta si oppreist, sjølvstendig
og
i full fart på fram!
Det kjem gode besøk til oss.
Ei heilt spesiell, ho kjem med poesi til gards.

Kavalkade: Anna, del 1

Ho gjer livet mitt vakrare, vansklegare, større, mindre og mykje betre!

Det er magisk!
-det at ho kom
og er.


Eg heiar i dag på: jenter med kul på magen!

April 2008: Bjørnar varmar seg framleis inne i mammo si.
 
September 2009: Jonas varmar seg inne i si mamma

Fotografia er tatt ein mnd før dei finegode gutane kjem ut i verda til oss. Det er mine
venniner som som her er to i sin kropp.
Det vakraste som er. Rein magi!
Kjenner meg stolt, med å sjå på fotografia.
Ved å sjå den sterke kroppen til desse to sterke jentene!

Er er så heldig å akkurat nå, vera i ein sirkel kor det er fleire som er to i ein!
Jenter som bere eit heilt nytt
menneske i seg!
Eg heiar i dag på: jenter med kul på magen!

Anna.


Anna likar besto si
Anna likar fulgar

Me likar begge tid i lag med besto og bessen/mamma og pappa!

Besøk.

Me har besøk!
Og det er og smakar Godt!
Veldig godt.

1 2