Ho er 89 år, og bøyer heile den slanke kroppen sin ut vindauga for å sei hadet.

Me har igjen tilbrakt timar på øy: i min pappa sitt barndomsrike
og mi ferie øy
og nå Annas.
Her står ho i si oldemor sit barndomshus, mi farmors barndomsheim,
 Anna si oldemor er ikkje lenger her,
men allikavel er ho her sjølvsagt,
som i stova her,
i stova som er hennar syster si nå,
her er ho,
 farmor over alt,
og det gjer godt.

Ho er 89 år,
 og bøyer heile den slanke kroppen sin ut vindauga for å sei hadet,
sei at ho blei så glad for besøket,
sei hade og
sjå oss gå,
ho vinka heilt til me var rundt svingen,
då kunne me ikkje sjå kvarandre lenger
Me kallar ho tante,
sjølv om det er tanta til pappa ho er,
ho er ein lidenskapleg amatørfotograf,
ho har eit arkiv med lysbilder som eg aldri før har sett maken til
eit av minne varmaste barndomsminne i frå øya her,
er når ho hadde framsyning av lysbilder i den litle gongen sin, ho
hadde då hengt opp kvit laken framføre døra inn til kjøkenet,
ho og eg på to kjøkenstolar med projeksjonsapparatet i mellom oss,
bilda, lyden, lukta
og ho ivrig med føttene i tøfler mot grønt gulvbelegg

Søskenbarnet mitt Anette Lida og Anna.

Anette Lida
 Lida – etter vår farmor,
-mange ho møter trur ho heiter Linda.
Anette har svart langt hår,
det mørke svarte håret
er sterkt i vår familie.
Eg likar det,  sjølv har eg det ikkje
det ligg så mykje i det,
i det mørke,
om forflyttning av mennesker
i form av reiser,
det mørke håret og den brune huden.

Resten av søndagen, blei Anna ufatteleg glad i min onkel, min fars einaste bror, ho ville berre vera i lag med han,
vera i lag med han og sjå på kattane, vera med kattane og sin gamleonkel (-eller granonkel, gamleonkel brukar me)
ho vinka meg hade, for her ville ho bli!
Det skjønna eg godt, for det var veldig godt å vera der.

God torsdag godt folk!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>