Inne i begge er det varm sjokolade.

Anna.
Eg er Svært Stolt over ho.
At ho er her
hos
meg
hos
oss

Søndagstur i sol. Kvar vår termos. Anna sin er ny og med prikkar. Inne i begge er det varm sjokolade.
Me er ute heilt til det ikkje er sol lenger,
så godt å komme inne,
etter å ha vore ute å også hatt det godt.

God veke til deg!

1. Ute er det kaldt, men ingen regn

God Helg Godt Folk!
Eg stemmer for at du gjer noko ekstra godt for deg sjølv!

-det skal eg.
1. Ute er det kaldt, men ingen regn
2. Vin er komt i hus, i lag med god ost
3. Eg har godt selskap, som vinen skal nytast i lag med.
4. Det er fredag, og veka har vore fin og travel
5. Tullipanar på bordet. Lilla.
6. Kako til frukost i morgon. Anna har ny termos.
7. Anna har tre nye ord: Anna, tutt og kakao.
STAS.

Hei! Dette er Bjørnar ♥

Hei!
Dette er Bjørnar.

Navnet hans ligg så fint i tre generasjonar:
morfar: Bjørn
onkel: Leif Bjørnar
og her,
hjerteguten:
Bjørnar

-om du ein dag kjem på besøk i det kvite huset,
som Bjørnar bur i,
viser han nok deg rommet sitt.
Der har han bøkene sine,
og ein kommoden.

På kommoden kan han sitje å speide ut over bygda si.
I lag med løva, elefanten og krokodilen.
Her nå,
 og i bøkene.


God Kveld i Stova di.

♥ Tid til Kvarandre ♥

Det har vore helg,
 og denne fine fine gjengen,
 opnar dørene
og inviterar oss,
Anna og eg
inn i
varmen

Anna møter Villemo
Villemo møter Anna

saman er dei
 tigerjenter,
finejenter,
sintejenter.
godjenter
og
heile tida
Diamantjenter

Det er blitt laga måltider,
dei beste måltider
kor hovudingrediensen
er tid og kjærleik.
Ete av dei finaste servise,

med duk på bordet,
laga av ho som knytter oss saman.
Besto.

Og denne fine jenta.
Som alltid kjem og gir av si
tid
og sin
varme,
og
styrke.
Me vernar samman om det som er godt
me er familie og venner,
3 søskenbarn
me har eit uskreve manifest
om å prioritera:
tid
til kvarandre

Det er dagar kor eg og ofte Anna er så heldige å vera i omgivelsar kor det er mykje kjærleik.

Det er dagar kor eg og ofte Anna er så heldige å vera i omgivelsar kor det er mykje kjærleik,
og den er tydleg.
For den ligg tett i romma
og i møtet.
I desse omgivelsane, kor kjærleiken er tydeleg,
 kjenner eg på ei stor kraft,
som gir eit giv,
ei gleda
ein energi
til dagar som skal komme.

                                                            ♥

I morgon tar Anna og eg båten

Dette er frå sist gong eg var på øya.
-der ein flott bukett av gode gode mennesker bur!
I morgon tar Anna og eg båten
for å besøke desse gode øymenneska att!
Det er så god med familie,
når ein har det så fint i lag som me har det.

Det blir Anna sitt fyrste møte med Villemo,
mitt andre.
Det er veldig stort,
att ho er her.
Du kan sjå meir til Villemo HER

Også gler me oss til Mathilde,
Anna blei stor fan av Mathilde i sist møte,
for ho sprang fort i sølvskor!
Du kan sjå meir til Mathilde HER

Også er eg tilbake at i bloggverda, etter få dagar i tenkemodus.
Fine meldingar her og på sms,
gjer valet lettare.
Tusen Takk

                                                                               ♥

blogge?

I dag er det ein sånn dag,
 som eg undrar på om eg skal forsetje med å
blogge?

I kjølevatnet av debattar, tenkjer eg på det.
Kva tenkjer du?
Kvifor bloggar du? -om du bloggar?
Er det viktigt?

Dette er noko av det eg vil fylle 2012 med:


♥ vente på ferjer, i lag med verdas finaste reisefølge

♥ pynte meg
♥ vera i lag med gode venner.

Desse finingane,
kan du besøke her:
HER

♥ samle på fine stunder

♥ nyte varmen frå venner
 

Desse finingane kan du besøke her: 
HER

♥ ha blomar på kjøkenbordet,
eller der eg ønskje,
oftare.

♥ gå på nye vegar på nye stadar

♥ bruke meir tid på kunst

♥ sende fleire brev

♥ invitere mennesker som er gode å ha nær

♥ samle på kjærleik
♥ styrke ringen om det gode
♥ formidle meg sjølv som fotograf,
prøve å få fleire oppdrag!

Om du treng fotografiet,
ta kontakt: Elisabeth_emmerhoff@yahoo.no

♥ feire heilt nye mennesker

1 2