Det er vår! Våren kan ofta komme litt brått på meg, det er som om eg ikkje vil gi slepp på mørket.

Det er vår!
Våren kan ofta komme litt brått på meg,
det er som om eg ikkje vil gi slepp på mørket.
At lyset skremmer meg.
Men så er det her,
så tydeleg og det gjer godt.
Det vekker og riv i meg,
og det er berre å pakke korga
for det er enda meir piknikktid.

Ein av våre store favorittar,
Anna og min,
er piknikk!
Me pakkar korga eller sekken,
til piknikk
 i skogen,
ved sjøen,
til fellesområdet,
til trappa,
til julatreplantasjen.
I løpet av Anna sitt 22 månadar lange liv
er me bli gode,
svært gode
på piknikk.
Med kakao eller varm sjokolade i Anna sin prikkete termos,
ho klarar ikkje å stoppe før den er tom,
eg har min termos.
I går laurdag, var me i uteområdet til ein barnehage,
me grilla,
dissa,
 eller reila som eg ville ha sagt.
Anna seier dissa.
Og me drikk kakao
og et pølser i brød.
Anna er også til frisøren denne dagen,
 men ho vil ikkje, 
ikkje i det heile,
så me stussar berre luggen.
Ho likar mykje betre å vera ute i sola!
lagar sjokolade fondant, varmar prinsessekake ( som dei gode gjestene kjem med)
vaskar jordbær, finn fram is
og bere det med ut på trappa
-ut på trappa og fellesplassen,
kor du også møter Anna som
 visa fram nye prestasjonar 

Søndagsfrukost: amerikanskepannekaker med havregryn.
Fort kom det nokre små raske nevar bort til fatet.
Det var ein suksess!
Helga var vidunderlig!

I morgon reiser eg til Milano!
 Å. Vårlukka!
-for kunsten
-for barna
-for livet!

5 Comments on Det er vår! Våren kan ofta komme litt brått på meg, det er som om eg ikkje vil gi slepp på mørket.

  1. Glede
    Søndag, 25. Mars 2012 at 6:33 pm (6 years ago)

    Akkurat nå bestemte jeg meg for at jeg og Lille Glede skal på piknik denne uka. Vi har vært mange ganger vi også, men nå er det ei stund siden sist. God søndagskveld.

    Reply
  2. Den gode feen
    Søndag, 25. Mars 2012 at 6:55 pm (6 years ago)

    Stemning!
    Nett så eg ångra på at eg ikkje tok gjengen på piknikk denne helga. Eg likar tanken om piknikk på trappa på dagar der ein ikkje kjem seg lengre av garde.

    Fin fin veke til deg, kos deg i Milano heldiggrisen!!

    Reply
  3. Lang Rekke
    Søndag, 25. Mars 2012 at 7:12 pm (6 years ago)

    Nydelig vakre, stemningsfulle bilder og ord! Jeg synes også våren kan komme brått på, men nå som vi har flyttet til Bergen blir jeg lykkelig hver gang jeg ser noen stråler med sol.

    Kos deg i Milano, det hørtes rett og slett fantastisk ut!

    Klem

    Reply
  4. nadja
    Måndag, 26. Mars 2012 at 3:43 pm (6 years ago)

    så koselig med piknikk. jeg kjenner at vi ikke er så flinke på det…må gjøres noe med. men våren er langt fra kommet til trøndelag, så det kan ha noe med det å gjøre.

    god tur til milano, jeg tok geir dit på 40års dagen hans i januar 2011. det var nyyyydelig.

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>