Prosjekt: Eitt fotografi om dagen, mars2012, del5

13.03.12: i veska mi
Dette fann eg i veska mi den dagen.
Lippestiftane er nye og dei har eit sterkt ønskje å bli meir brukt!
Det må til.
Velkommen Vår!

14.03.12: Noko eg les
I framtida mi ligg det to reiser, eller det spørs korleis ein ser på det.
-ein reiser i så mangt,
i kvardagen, i livet.
Desse reisene er ut på tur med koffert reiser,
og det er JIPPI inni i meg.
Alt på måndagmorgon,
ventar Milano.
Eg vantar nå på Milano,
-for kunsten,
-for barna,
-for livet!

15.03.12: Lukka
Det kan vera laurdag som denne,
eg er i ei god barndomsveninne sin heim,
det er levande lys, god mat og bobler og
det er ein nydeleg bukett med veninner i kjolar rundt meg.
Det er samtalen,
 og desserten
 som blir servert i fine gamle tallerkar.

16.03.12: Morgon
Me er i barndomsheimen,
eg har kaldheva vanilje- og kanelboller natta over.
Bror Christian kjem på frukost
og det meste er ultra godt.

1 Comment on Prosjekt: Eitt fotografi om dagen, mars2012, del5

  1. Ragnhild
    Laurdag, 24. Mars 2012 at 8:40 pm (7 years ago)

    Fine og stemningsfylte bilete, fine ord … alt eg likar ved bloggen din:-)

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>