Å sitje ved mitt kjøkenbord, med bobler i mjelkeglas og jordbær i skål, i lag med ei litt ny og veldig fin jenta og snakke om kjærleik.

Noko som har vore ekstra fint i det siste er mellom anna dette: Å sitje ved mitt kjøkenbord, med bobler i mjelkeglas og jordbær i skål, i lag med ei litt ny og veldig fin jenta og snakke om kjærleik.
For så å høyre at det ringer på døra og enda ei flott ei kjem inn,
 med denne vidunderlige kaka under armen.

Dei har begge skjørt med blomar. Og sola skinn inn og det er vår og fargane blir tydlegare og det forsetjer å ringe på døra og gjestene kjem med 

god energi og dette! Ein ny fargefest i smakar og fargar.
Og barna!
Dei som gjer at me blir meir kroppslege i rørslene.
Dei kjem og det er godt.
Dette er Anna i sin far sine armar.
Mi Anna er hos besteforeldra sine. Så det er godt å ha ei Anna i hus.
Ein gong var det ein som sa til meg: Alle burde ha ei Anna i hus. Eg har spart på den setninga.
Anna og Tobias perlar og et frukost samstudnes,
i sol.
Når det var stille att, gjor eg dette.

Og framleis er det spor etter den flotte kvelden i heimen min.
I spor som energi og teiken.

Mennesker gjer ofte godt,
som her,
svært godt!

Anna er på garden.

Anna er på garden.
Eg lyttar til lydbok i byen.
Ho er den vakraste eg veit.

Janne Marie, om du les dette, -det er som eitt kyss på di vakre panne.

Helga såg litt sånn ut:

Helgo såg litt sånn ut. Det var mykje godt inne i denne helga.
Me laga smakfull mat, var i bryllup og overnatta i ein heim som er god, svært god.

For dei aller vakraste.

Nødvendig og nydeleg Linn,
mi gode veninne Linn.
Mamma til Nora og Olav.
Nora og Olav som du kanskje har møtt er her inne på bloggen tidlegare:
som her.
Samen drog Linn og eg i hop eit påskeprosjekt,
som blei stor suksess.
Påskeeggjakt for barn,
 kor barna blei kjørt ut i bygda i hengar på traktor, til ein frukthage kor trea er mange og fjellet står høgt.
Egg blei jakta på i duskregn og traktordrønn og ivrigge små og store barneføtter. Etter velukka påskeeggjakt bar det tilbake i grendahuset for utloddning, sal av heimebakst og saft. Og danning av eit stort fellesmåleri,
det var magisk å sjå kor ivrig, konsentrert og fokusert skaperane av måleriet var.
 Prosessen gjekk frå å vera figurativ til å bli abstrakt.
Måleriet bere titelen: I lag.
47 barn deltok på arrangementet!
Linn og eg glade.
Etter opprydding, opna me champangeflaska og fniste og dansa  oss inn i påsken.
Medan dei aller vakraste var i svevnen.

Det ligg ei stor drivkraft i meg,
for barna,
-og opplevinga
og oppdaginga
som ligg i
kunsten.

Har du noko som gir deg stor drivkraft?

   

Det er viktigt for meg at Anna kjenner fjorden.

Det har vore påske,
om me bestemte oss for å ha ein påske med tid til kvarandre i fokus.

Dette er Nora, me likar å vera i lag med Nora.
Denne dagen testa ho grenser med fjorden.
-det resukterte i våte sko.

Me måla på egg, me måla mykje med akrylmåling denne påsken.
Om kvelden drakk me kanskje champange eller te.

Fjorden fekk av skona til Nora,
men kva gjer det når ein kan varma seg på ull, nybaka kringla og solobrus!
-kvar påske drikk eg solobrus, så og sei aldri ellers.

Olav viser fram målte egg. Han er stolt.

-for kva skjer i det skapande menneske?

-det opnar iallefall opp til utviding, til konsentrasjon til oppdaging
og
til utforsking,

Det er viktigt for meg at Anna kjenner fjorden.
At ho får ein bevist relasjon til den.

Påsken var svært god.

Du i din påske?
Kva var ditt fokus?

Kunst for eit rikare liv.

Eg var ei veke i Italia og blei utvide som menneske!
Ja, det var rett og slett fantastisk.
 Med barn og kunst og livet i fokus.
Me fløy over Alpene som var dekka av snø,
landa i Milano med sandalar,
me gjekk for til workshops,
til utstillingar,
 til piknikk,
 til kaffi, kaffi som blei drukket ståande
i lag med andre som var på farta til sitt,
me tok toget og hadde vindauga ope,
snakka om livet i store ord.
Nå trur eg enda meir på:
KUNSTEN for eit RIKARE liv.

1 2