Å sitje ved mitt kjøkenbord, med bobler i mjelkeglas og jordbær i skål, i lag med ei litt ny og veldig fin jenta og snakke om kjærleik.

Noko som har vore ekstra fint i det siste er mellom anna dette: Å sitje ved mitt kjøkenbord, med bobler i mjelkeglas og jordbær i skål, i lag med ei litt ny og veldig fin jenta og snakke om kjærleik.
For så å høyre at det ringer på døra og enda ei flott ei kjem inn,
 med denne vidunderlige kaka under armen.

Dei har begge skjørt med blomar. Og sola skinn inn og det er vår og fargane blir tydlegare og det forsetjer å ringe på døra og gjestene kjem med 

god energi og dette! Ein ny fargefest i smakar og fargar.
Og barna!
Dei som gjer at me blir meir kroppslege i rørslene.
Dei kjem og det er godt.
Dette er Anna i sin far sine armar.
Mi Anna er hos besteforeldra sine. Så det er godt å ha ei Anna i hus.
Ein gong var det ein som sa til meg: Alle burde ha ei Anna i hus. Eg har spart på den setninga.
Anna og Tobias perlar og et frukost samstudnes,
i sol.
Når det var stille att, gjor eg dette.

Og framleis er det spor etter den flotte kvelden i heimen min.
I spor som energi og teiken.

Mennesker gjer ofte godt,
som her,
svært godt!

2 Comments on Å sitje ved mitt kjøkenbord, med bobler i mjelkeglas og jordbær i skål, i lag med ei litt ny og veldig fin jenta og snakke om kjærleik.

  1. Lang Rekke
    Torsdag, 26. April 2012 at 10:10 pm (6 years ago)

    Det her er jo livet, det. På sitt beste. Du er en poet rett og slett med ord og bilder.

    Klem

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>