Overgong: By-Bygdo.

Anna har blitt feira i barnehagen,
den finaste kruna kom ho stolt heim med!

Studentbyen gnistrar.
Det er idyll over det heile,
Det er samhold.
Det er barnelatter.
Det er basseng på bakken.
Det er middag ute, kvardag.
Det er felleskap.

Et fruktsalat til frukost:
jordbær, vassmelon, druer
og yoghurt!
Det er stas å lage til.
Frukost er veldig viktig for meg,
blir glad om du fortell meg om din frukost?
Det interesserar meg!

Nå flyttar Anna og eg herifrå,
det har vore eit svært viktig år.
Det har utvida.
Det har gitt styrke,
-det har plassert seg gode ting inne i meg.
Det kjennes ut som om det var det einaste muliga.
-essensielt, for livet.

Kjenner meg klar til overgongen,
det er så mykje eg ynskjer å ta fatt på!

Bygda nå!
-men også alltid litt Byen!

Feiring og bunad.

Me har også feira 17 mai!
Det er ein festdag,
så me inviterte fort til prosecco og frukt,
på morgonen,
sånn etter frukost og få-på seg bunaden tid.

Som den stolte Sunnhordlendingen eg er,
bere eg sjølvsagt min vakre Sunnhordlandsbunad!
i Indre Hardanger.

Derimot desse to vidundera her,
småtassane våre,
i vakre små kreasjonar av Hardangerbunaden,
 er det meste på stel,
til og med skjorta er full av saum.
På lik linje med dei vaksne er saumen blitt tatt på alvor til barna,
dette likar eg sjølvsagt svært godt.

Feiringa var på garden og bygda den ligg i.
Fint.

Grytebrød

Grytebrød.
-har baka grytebrød i det siste,
fine og grove.
Det smakar utmerka og det er veldig enkelt,
treng berre litt planlegging.

Grytebrød
300 gr hvetemel
125 gr speltmel (eg vekslar her mellom fint og grovt)
3,5 dl vatn
0,5 ts tørrgjær
2 ts salt
Rør alt saman, til ein fuktig deig. La deigen heva under kjøkenhandkle i 12-24 timar.
Sett ovnen på 240 grader, med gryte med lokk under oppvarminga.
Slå deigen ut på kjøkenbenken, form deigen til eit rundt brød. La brødet kvila til ovnen er varm. Ta ut gryta, den er då svært varm, legg brødet oppi. Steik med lokk i 30 min, ta så av lokket og steik vidare i 15-20 min utan lokk.

Nyt så,
 nydeleg brød med hard skorpe til lunsj!

Kva er felleskap for deg?

Nå er Anna og eg i byen, men ein dag når me framleis var på garden(i helgo).
Så det litt sånn ut i eit lite augeblikk.
Me hadde besøk av to fine jenter, me satt på trappa,
smaka på muffins med havregryn, blåbær og eple som Anna ig eg hadde laga.
Snakka om felleskap, korleis det kjem og kva som ligg i det, og om kor viktig det er å sjå kvarandre.
Dei små store jentene utforska blomane,
muffinsen, sandkassen,
reila og alt som måtte passe inn, der og då.

I ettertid er eg så glad for dette bildet,
det rundebordet,
tydlege spor.

Kva er felleskap for deg?

2 år!

Fina kjekka gode Anna Margrete vår
er Sjølvsagt blitt feira!Det er faktisk ingen det er meir stas å feira!
At ho kom og er.
Så vidunderleg, så volsomt, så utforskande
STOR gleda.

Tusen
takk for dei fine meldingane på forje innlegg,
det varma.

Dette huset her, er eit av mine favoritt hus!

Dette huset her,
er eit av mine favoritt hus!
inne i det,
kan dette vente meg
og samtalen,
som ikkje er muleg å gjengi
-det ligg berre ei så stor gleda i den,
for kvarandre
om kvarandre
-for så å gå heim,

i noko så stort som dette.

God søndag alle gode lesarar,
det varmar med alle dei fine komentarane
som er.

15mai 2010

Hipp HURRA for Verdas vakraste Anna Margrete som er 2 vidunderlege år i dag!!

Tilstand.

Dette for å gjere dagane tydlegare.
For å sjå at dei kjem,
at dei er her

1 2