Litt sånn var helga.

Tilbakeblikk på helgo:
Me planta eitt epletre, i min barndomsheim sin hage.
Anna sikrar her om at det er skikkeleg gjort.
Far til Anna er Fruktdyrkar.
Men det er Anna som tar siste sjekk!

Dette er kjøkenvindauga til ein av mine heimar.
Barndomsheimen.
Eg er tydpisk heldig som har fleire stadar å kalle heim!

Denne har eg stikka til Malvin!
Malvin er heilt ny!
Han er svært velkommen!
Han er veldig sterk og veldig liten, me likar han allerede!

Dette ser me frå stovevindauge i heimen,
dette lyset kan gi ei stor lengt, når eg ikkje er i desse romma
eller denne bygda.

Det var ei sånn helg,
kor me prøvde ut grytebrød og var mange til frukost.
Levde litt om natta også,
denne helga.

Og Nora vår hadde bursdag!
6 fantastiske år!
Denne gåva blei levert på døra hennar.

Anna gav mange smil.
Ho elskar å fly!

Og på veggane heng det ulike typar bilder, som fotografi, teikning, trykk eller måleri.
Eg likar svært godt denne veggen her.

Litt sånn var helga.
Rett og slett god.

Har du ei god oppskrift på grytebrød?
Eller på ein god dag?

1 Comment on Litt sånn var helga.

  1. Anonymous
    Måndag, 7. Mai 2012 at 6:46 am (6 years ago)

    Så fint! Eg er IMPONERT over kor flink du er å strikka!
    Måndagsklem frå Guro :-)

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>