Anna veks

Stondo reiser me opp her,
kanskje når me har besøk eller når me treng å sjå noko i eit større perspektiv.
Denne gongen var det morellesteinspyting,
Anna med sin kjæraste onkel og kjæreste og dotter,
ho er så glad i dei,
ho seier det heilt plutseleg,
i sengo,
i bilen
ved bordet til middag.
“Eg er glad i onkel”
“Eg er glad i Rosa og Sara”

Anna veks
Anna har så mange ord
Anna gjer så mykje heilt sjølv
Ho diggar
å kle på seg
leike kafe
mala
springa
vera med venner
og
å eta moreller og plommer.

God søndag godt folk!

å vera i rørsle

-det er så godt med desse møta,
møta med det ukjente
som gjer at ein framleis blir utvida

å vera i rørsle

Nå kjem den mørke fine tida.

Det er ny jobb. Lærar fyrst og fremst i kunstdag.
Barne- og ungdomskule i fjorden her.

Rundtom i bygda haustar ein
plommer. Hausten er komen,
det merka eg i dag tidleg.
Huset var kaldt i morgontimen,
lufta klarare.
Nå kjem den mørke fine tida.

Ei reisa.

Det har vore ei reisa,
til hovudstaden.

Som framleis ligg i meg,
som energi.
-til dagane.

Venner og kunst.

God fredag godt folk!

.

-I´ll need both my hands to hold my own
I need only one light
the light from one-
Ane Brun

Her inne HEIAR eg på det GODE.

Her inne er det det gode og det som varmar som veks.
Her inne er det lite
skitne sokkar
vonde ord (-håpar eg)
sårande kroppspråk
eller
stengte dørar

-for det er det nok av,
andre stadar,
som i det ein lever i.

Her inne HEIAR eg på det GODE.

Takk for at du kjem innom!

I sommar har eg: del1.

*hatt sol som er på veg ned i augene medann eg lot raudvinen ta sin plass i kroppen,
i lag med ein veldig fin barndomsveninna.
Me satt og levde høgt.

*strikka denne til nye litle Simon! HuRRA og STORT velkommen!

*harr fint Linn besøk.
Me drikk norskejordbær og rom.

*fylt pitabrød med mykje godt. For så å steike dei.

*ynskja Simon og mammo velkommen heim.
Baka mitt søskenbarn Oda sin bringebærdrøm.
-den kako blei ein stor favoritt hos pappa.

Kva fint er i din sommar?

-i morgon reiser me på hyttetur,
Anna får då selskap av 7 guttar.
Heldige oss.