Eple til folket!

Det er skumring når me står opp om morgonen.
Eg likar det.

Me er så heldige å også ha tomater på garden.
Så mange som her,
blir lett tomatsuppa.

Inne i mellom kjem sola,
og helger.
Denne dagen var det laurdag og sol.
Eple til folket!

Boller til bonden og hans hjelparar.

Denne jenta sprer om seg.
Ho spring og hoppar.
Ho kan nå stå, for så og hoppe.
-med strake bein. Dette får me til å smile kvar gong.
For det er så fint å sjå.

Det var faktisk alt saman frå ein laurdag,
og desse bollene låg nysteikte på disken før 0800.
Tips: bak bollene om kvelden,
kaldhev dei til morgonen.
Vips, du treng berre og setje på omnen i morgongry
og boller servert!

Kva gjer du i din haust?

Onsdag.

Denne er strikka,
garn er framleis svært aktuelt i min
kvardag.
Men i dag er det andre ting på gong,
eg skal  halde kurs i fotografi:
“Å øva blikket”
Gler meg ein heil haug.

DU?

Det regnar her i fjorden.

-når mørket blir for volsomt (akkurat nå vikrar det nesten litt utenkeleg),
og søken etter sommaren kjem (det gjer den -garantert!),
kan dette vera godt å finne i frysen.

God måndagskveld.
Det regnar her i fjorden.

Haust, eg diggar Deg!

Etter ein god laurdag i Kalvhagen,
blei dette rognebærhjerta med heim
Det er desse diamantane som bur i Kalvhagen.
Linn er mammo til desse diamantane.
Ho gir heimen eit preg av årstida.
Som skinnfella her,
og ei korg i gongen som viser alle dei flotte heimastrikka gensarane deira.
-dette inspirerar.
 At naturen spelar så stor rolle, at også inne skjer skiftningar.
Denne kransen møter ved vår dør.
Det er veldig fin.

Anna likar å skifte imellom aktivitetar.
Den andre jenta på bilete, er meg.
Eg heiter Elisabeth.
Eg er 31 år.

Her i fjorden, er det denne heimen, utanom vår eigen, me tilbringer mest tid.

Denne laurdagen er med hausten sin ankomst i fokus.
Me hadde rognebær som eit lite tema.
For Linn og eg prøver i lag å leve nærare årstida.
Så stort velkomen Haust!
Personleg diggar deg faktisk!

Anna diggar tutling med små små ting,
så ho var i det.
-eg tenkjer at dette også gir ro
og kanskje ein slags balanse.

Tusen takk for kommentarar på forje innlegg,
dei er viktige.

Som estetikar og bloggar, så slår eg eit slag for det gode bilete.

I ulike samenhengar har det i samtalen komt fram at det er
ein viss irritasjon
som er ganske sterk.
Denne irritasjonen
som er
er  på grunn av BollebakandeMedReineHusOgSolInnVindauge-bilete.
Bilete som er å finne her inne på nettet.
Kanskje også her hos meg. (?)
Denne irritasjonen er så stor,
at når ein føredragshaldar kom til  fjorden her,
-for å gi av sine erfaringar som pedagog og mamma.
Oppnådde ho sin einaste applaus utanom ved føredraget sin slutt,
då ho nemnde desse bileta.
-at det var liksom ikkje å bry seg med,
bak desse bileta var det også skrikande ungar,
oppvask og skitne do.

Som estetikar og bloggar,
så slår eg eit slag for
det gode bilete.
Nysteikte boller eller oppvask!
Berre ein såg noko som var
viktig!
Noko som var verd å fortelje om,
med fotografiet!

-for det er ikkje truande på mi rolla som mamma
eller mi rolla som bloggar.
For det er ein kunnskap som alltid ligg der:
Alle har oppvask,
 alle har kjensler.

Så gi meg nyvaskasengkler,
solboller
eller ein
mørk torsdagskveld med støv i krokane.

For det inspirerar meg,
rett og slett!

Å komma til. Å vera i.

Det har vore ei svært god helg.
Me var i Skånevik.
Der var me i lag med mennesker som er viktige for oss,
det var Anna Margrete og eg som var på tur.
Me er begge fan av den vikjo.
Det var stunder i nytt hus, eit hus kor tre fine gutas skal veksa opp og utifrå.
Det var stunder i lag med ho som bere mitt tante barn inne i seg.
JA! -eg skal bli tanta.
Og det er ultra stas!

Me er heldige som har ein stad som Skånevik.
Å komma til. Å vera i.

Er du hekta?

Hausten er komen,
og eg heklar og

strikkar

og strikkar. Eg er rett og slett hekta!
Katten vår Annabella åt ei natt om mi
kjære heklenål i bambus nr 3,5 -
min favoritt.
Lite viste eg om at kattar dreiv på med slikt.

Også et me frukt, plommer og epler og det er ultra stas.
Me lagar smuldre pai, salatar, sausar
og nyt det naturen gir.
Min kjære sambuar er god på frukt!
Eg heiar lett på Han.

Ka driv du på med?
Nå i tidleg haust.
Er du hekta på noko?