God laurdag!


Anna Margrete ropar GOD LAURDAG inn til deg og di stove.
Me håpar du gjer noko som er godt!

Me er på veg til å kryssa fjorden i båt,
for å overnatta i gode mennesker sin heim.

Du?

Den som elsker livet.


Den viktigaste songen,
eg har høyrt på lenge.
-og det kjennes nesten umuleg å skrive noko om den, 
for den er så stort, så viktig!

Ho er klar, momentant!

Det har vore haustferie. Me var i heimen i Skånevik,
mamma og pappa min er svært gode på heim.
 Det var Anna Margrete og eg som var på tur.

Ho, Anno hjelper meg med ein gong om det er noko,
eg er så heldig at eg faktisk ikkje treng å spør om hjelp.
Ho er klar, momentant!
Favoritt tanto og hjertevenner kom også og brukte tid i lag med oss.

Lappeteppe.

Dette er også eit samarbeid,
eit prosjekt mellom mi gode vennine Reidun og eg.
Egersund og Hardanger.

Ho hekla store ruter,
 eg små.
Me hekla saman til ein heilt ny gut,
som bur i Oslo.

Posten gjer mykje mogleg.
Som å styrke vennskapsbånd,
for så å varma ein heilt ny gut!

Det er søndag,
og det er lammelår i ovnen.

Kva et du til søndagsmiddag,
denne haustsøndagen?

Graskar.

Her på garden veks det graskar.
Dei er store og dei veks stort.
Så me har hatt graskar litt i fokus i middagen.
Graskarsuppe i to variantar, woka graskar og i potetstappa.
Godt.

Anna Margrete var sjølvsagt med når me henta heim
eit stort gult graskar.

Denne dialogen var i mellom oss ein dag:
“Mamma likar te?”
“Ja det gjer eg” avarar eg
“Far likar kaffi,
eg likar melk” fortel ho vidare.
Og dette er det som skal til for at mitt mammahjerta mjuknar.
Ho ser så godt,
ho ser det ulike i mennesket.

God helg gode leserar,
det varmar så godt med tilbakemeldingane de gir.