Lanternegange og skumringstimen.

1. Inviterar til lanternegange etter gamal europeisk tradisjon,
og grilling i hagen i
 skumringstime.
Skumringstime er skifte mellom dag og kveld,
nå i denne årstida er denne timen så syneleg.
Så syneleg med det blå lyset som brer seg om oss.
Og skiftninga skjer så syneleg for oss.
Lyset som er blått, blir meir blått
for så å bli mørkt.
Det blei ein vakker ettermiddag i duskregn i lag med fine små og store folk.
2. Desse fine små folka kan synge songar og lage lanterner.
3. Lanternen til Anno og eg er komen på bordet,
i korthaldaren i varme frå telysa er det bilete av ein heilt ny fjording.
Han varmar seg,
 i lag med oss.

Det er alltid stor stas når det kjem nye inn her i bygda,
for me er ikkje så mange, så kvar og ein er veldig kjær.

Kva gjer du desse novemberdagane?

3 Comments on Lanternegange og skumringstimen.

  1. Ina
    Tysdag, 27. November 2012 at 5:06 pm (5 years ago)

    I nord kallar dei det blåtime. Så fine bilete! Du inspirerer.

    Reply
  2. Rosa+epler
    Onsdag, 28. November 2012 at 9:03 am (5 years ago)

    Ina, det hadde eg nesten gløymt litt. Den blå time, mammo mi seier også det. Ho har alltid vore svært opptatt av denne timen, i min barndom var den viktig. -utan eletrisk lys som forstyra.
    Kva er du van med?

    Så kjekt at du likar bileta mine, det varmar.

    Klem frå Elisabeth

    Reply
  3. Ina
    Onsdag, 28. November 2012 at 1:58 pm (5 years ago)

    Eg kallar det skumringstime som du, eller berre skumring. Har alltid likt denne tida på dagen spesielt godt. Og grålysninga om morgonen. Det er noko med overgangane, korleis både lyset og mørkret blir heilt tydeleg. Eg er ikkje oppvaksen med det, men prøver no å sløkka det vanlege lyset og tenna stearinlys i skumringa når eg har tid.

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>