Lappefellesskapet.

Lappefellesskapet er framleis aktivt.
Og eg trives svært godt i dette skapande fellesskapet.
Dette teppet er eit nytt prosjekt mellom Linn og eg,
det er ein ny liten fjording som er den utvalgte.

Folk herifrå,
folk som veks opp og utifrå dette landskapet
blir ofte omtalt som fjording.
-eg tenkjer at det seier kor viktig fjorden er her.
For menneska,
for fruktdyrkinga.

Sjølv kjem eg frå ein anna fjord,
det er sterkt å tenkje på korleis isen har sprengt seg fram i landskapet her.

Bur du i fjord?

4 Comments on Lappefellesskapet.

  1. Anonymous
    Onsdag, 7. November 2012 at 9:51 pm (7 years ago)

    Dette fine teppet var det Jens som får eiga!! Det er utruleg flott; tenk at de to fine damer har laga dette, så mange timar med berre Jens i tankane. For det går ikkje an å sjå på TV medan ein heklar, då må du konsentrera deg. Mammo te Jens er rørt og veldig glad for gåva. Eg tenkjer på deko kvar gong me brukar det; og det er dagleg :-) Klem i fleng Gerd Ingrid

    Reply
    • Rosa+epler
      Søndag, 11. November 2012 at 6:54 pm (7 years ago)

      Å, så fin tekst å få Gerd Ingrid!
      Det var eit veldig kjekt prosjekt å hekle fram,
      til ein veldig fin Jens!

      Godklem frå Elisabeth

      Reply
  2. Anonymous
    Torsdag, 8. November 2012 at 8:25 pm (7 years ago)

    Dette teppet meiner eg at såg eg på babysang i dag, tulla rundt Jens. Veldig fint er det! Martha

    Reply
    • Rosa+epler
      Søndag, 11. November 2012 at 6:55 pm (7 years ago)

      Tusen takk fine Martha.
      Godklem frå Elisabeth

      Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>