Me bur på ein fruktgard.




Me bur på ein fruktgard.
Min sambuar er fruktdyrkar.
Her veks det plommer og eple,
i bratte bakker.

Krava til eple,
epla som når ut til forbrukaren
veks seg høgare og høgare år for år,
veks til mål,
som eg meinar er utanfor det som tilhøyre naturlege prosessar.
Også frukta skal inn i kampen mot det feilfrie.
Kva er eit perfekt eple?
Det er iallefall sånn, at frå garden her er det berre det eple som når visse mål,
ei viss vekt,
med nok farge og utan ein flekk som blir
sendt ut
og
inn i butikkane.

Mykje av dei fine gode epla som blir att,
pressar me saft av.
Og det er den beste safta me veit om.

Me frys store mengde saft ned, for så å ta den oppatt
til frukost, til fest
gjennom vinteren og mørket.
Dette mørket som eg likar så godt.

Eple som er råtne blir sortert ut, det vil jo sjølvsagt gi smak på safta.
Det andre brune, er det som er att av eplet,
etter det har vore igjennom pressa vår.
Det er tørt, nesten som våt sagmugg.

Inne i strieposane ligg opphakka eple,
og her blir lag på lag
med eple pressa ut.
Til vidunderlig saft!

2 Comments on Me bur på ein fruktgard.

  1. Ting som gjør en glad
    Søndag, 11. November 2012 at 12:06 pm (6 years ago)

    Et skikkelig håndverk!
    Vi er i slekt med Balholmprodusentene og er ekstra stolt når vi besøker Ciderhuset i Balestrand :D

    Reply
  2. Marianne Leonora
    Onsdag, 23. Januar 2013 at 1:06 pm (5 years ago)

    Eg blir heilt nostalgisk. eg hugsar godt eplepressinga heimefrå som jentunge. Vokse opp i Hardanger på ein liten lapp av in husmannsplass full av frukttre. :-)

    Åsne

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>