Me bur på ein fruktgard.




Me bur på ein fruktgard.
Min sambuar er fruktdyrkar.
Her veks det plommer og eple,
i bratte bakker.

Krava til eple,
epla som når ut til forbrukaren
veks seg høgare og høgare år for år,
veks til mål,
som eg meinar er utanfor det som tilhøyre naturlege prosessar.
Også frukta skal inn i kampen mot det feilfrie.
Kva er eit perfekt eple?
Det er iallefall sånn, at frå garden her er det berre det eple som når visse mål,
ei viss vekt,
med nok farge og utan ein flekk som blir
sendt ut
og
inn i butikkane.

Mykje av dei fine gode epla som blir att,
pressar me saft av.
Og det er den beste safta me veit om.

Me frys store mengde saft ned, for så å ta den oppatt
til frukost, til fest
gjennom vinteren og mørket.
Dette mørket som eg likar så godt.

Eple som er råtne blir sortert ut, det vil jo sjølvsagt gi smak på safta.
Det andre brune, er det som er att av eplet,
etter det har vore igjennom pressa vår.
Det er tørt, nesten som våt sagmugg.

Inne i strieposane ligg opphakka eple,
og her blir lag på lag
med eple pressa ut.
Til vidunderlig saft!

Familie.

Familie.
-som ein kjem inn i, eller til
-som ein veks ut i frå eller vekk i frå
eller inn til -på ny

Etter at eg sjølv blei mamma,
mor,
etter at han og eg blei ein gjeng på tre,
i lag med ho
-Anna Margrete vår.
Har familien blitt viktigare,
sterkare,
og kanskje
tydlegare.

At det rommet som er i det,
kan opplevast som romsleg,
og med ein stryke av
fellesskap.

Men det treng ikkje opplevast sånn.

Kva tenkjer du om familie?

Lappefellesskapet.

Lappefellesskapet er framleis aktivt.
Og eg trives svært godt i dette skapande fellesskapet.
Dette teppet er eit nytt prosjekt mellom Linn og eg,
det er ein ny liten fjording som er den utvalgte.

Folk herifrå,
folk som veks opp og utifrå dette landskapet
blir ofte omtalt som fjording.
-eg tenkjer at det seier kor viktig fjorden er her.
For menneska,
for fruktdyrkinga.

Sjølv kjem eg frå ein anna fjord,
det er sterkt å tenkje på korleis isen har sprengt seg fram i landskapet her.

Bur du i fjord?

100% menneske.

Stundom er det noko som må bli til, som må få sin plass.
Sjølv om det kjennes som om det ikkje har fått sitt språk,
at språket til det som burde ta sin plass enda ikkje er blitt forma.
Er det fyrst når det blir uttrykt på ein eller anna måte,
at det er.
Her.

Det er iallefall sånn, at det finnes venskap som gir rom.
Venskap som er så store at dei har kraft til å utvide.
Venskap som opnar opp,
 istaden for å stenge att.
Og i denne styrken er det er plass  til orda,
dei orda som nesten blir kasta ut av ein,
på grunn av fysisk smerte som kjem av andre sine
ord.
At desse orda får ein tungde,
at denne samtalen får leve.
At det er rom,
for orda
og
den heile andre.

Med dette så heiar eg
på det modige menneske!
Som tar sats og går inn i møtet
med den heile andre.
100% menneske.

1 2