Årets saga: September 2012

September 2012 var litt sånn
*eple, eple, eple
*tomater, eple, graskar og endo meir eple
*me er ute, i regn, i sol og på garden hausting.
Min sambuar sine foreldre bur i nabohuset og dei er begge to bønder.
Heile sitt liv har dei to i lag arbeida side om side, for å levera gode fine eple ut til folket.
*Anna Margrete et eple, med livslyst heile september
*I dåp til fine Johannes, kor me er så heldige å vera faddrar
*Feirar 70 åring her på garden. Det er langbord, god mat og gode menneske
*Heklar teppe til Peder i Oslo i lag med Reidun i Egersund
*Strikkar jakka til Lukas i Egersund
*Har piknik i blandt frukttre, et pizza og solo skin
*Haustar graskar, lagar suppa og pure av det, det smakar og gir meir smak
*Reiser heim til barndomsheimen. Mammo lagar god mat. Rosa sin mage veks.
Fotograferar Theresa sine tre diamantar.
*Har veldig fin laurdag med Olav, Nora og Linn. Me har hausten i fokus.
Anna Margrete er vakker i heile september

Det er lukka.

Det er komen ei heilt ny jenta til vår familie i dag.
Eg er blitt tanta,
min einaste bror er blitt far.
Det er lukka. Det er magi.

Dette huset, denne salen. -som er bygd opp på rammene om fellesskap og møter.

Lappeteppa heng klar til basar, det er laurdag ettermiddag. Og Linn og eg har fyrt sidan fredag ettermiddag.
Det er varmt og godt. Det er kaker og levande lys.

Dette huset, denne salen. -som er bygd opp på rammene om fellesskap og møter.
Så viktig.

I kjellaren var det lyktemakeri.
Ein bukett av verdas finaste kom.

Gleda er så tydeleg. Utan filter.
Rett på.
Vidunderlig.

Desse blei laga. Så vakre. Fin rytmisk 4-klassing tromma buketten opp i eit mørklagt lokale.
Så skjørt,
så vakker.

Tusen takk for ein vidunderlig laurdags ettermiddag.

N O R A

Dette er Nora,
Nora er 6 år og ei god vennina av oss.
Ho er tydeleg.
Nora bur på nabogarden,
ho kan sykla, lesa, ropa høgt og dansa lett.
Nora og litle bror Olav Skage,
ein søndagmorgon i januar.

Årets saga: 2012

August 2012 var litt sånn:
*me reiser på vår årlege hyttetur med dei fine finaste familiane frå heimbygdo mi.
-det er ein slager, sola varmar, maten er god og menneska best
*Anna Margrete er på besøk hos søskenbarna sine, ho nyt det. Det er noko av det beste ho veit.
-Fasto har laga nydeleg kaka og timane er gode
*Reiser til Oslo som berre Elisabeth. Veldig fine menneske i møte. Store rom, nokre av dei største eg kjenner.
*Kjersti med Peder i magen.
*Øya festivalen, Ane Brun stort.
*Mammo og pappen kjem til gards, lika godt som alltid.
*Annabella likar seg i heimen (genseren som på bilete er i byrjing fasen, er no i slutt fasen)
*Linn kjem med sine fine, henge litt rundt i lag med oss. Bakar boller kanskje, løyser verdsproblermer kanskje.
*Fine tanter kjem med fine søskenbarn. Mykje latter. Mykje moreller.
*I august haustar ein, det er tydeleg når ein bur på fruktgard. Me et epler, me et moreller, me et plommer og agurk og tomat. Det er lika imponerande kvart år. At det er muleg. At me kan hente det rett frå tre, så velsmakande, så søte,
rett og slett det beste.
*Anna er vakker i heile august.

Basar: Lappeteppeprosjektet

Det er nesten ufatteleg, men desse fine finaste lappeteppa er laga av menneske langs fjordsida her vest i Ullensvang.
Tenkje kvar enkelt teppe er ein skatt,
så mange nevar i arbeid,
så mykje varme som alt ligg i dei,
-også før dei blir lagt om nokon

Dei kn også bli dine,
om du kjem på basar på Jåstad grendahus laurdag 26 januar kl 15-17.
Her blir det loddsal,
kankje du alt har hatt ein loddselgar på døro?

Katten vår Annabella vil også varme seg i alt dette varme.
(skjønnar eg godt)
Det er også kafe i grendahuset denne dagen,
i kjellaren vil det bli høve for barn og lage lanterner.
-lever då inn tomt syltetøyglas innan onsdag til
Linn Østerbø eller meg (Elisabeth Emmerhoff)
Borna er den største inspirasjon kjelda til Me hjartar grendahuset,
under sjølve basaren vil me prøve å vise dei det.

Håpar du kjem!

Basar: lappeteppeprosjektet

Basar: Lappeteppeprosjektet
laurdag 26 januar kl 15 – 17
i det fine grendahuset på Jåstad.
Me er så heldige å ha eit grendahus i bygda her,
det er ein kulturskatt.
Salen er akkurat som ein grendahus sal skal vera,
med tregolv og smijernsomn og ei lita fin scene.
Tenkje når eg er i dette rommet, at eg er ein del av noko større.
At det ligg ein tradisjon og eit møte som er så viktig her inne.
Jepp, me er heldige!
Nå blir det basar i dette fine rommet,
med lyktemakeri for dei små finaste.
Lappeteppa som skal loddast ut, er laga av menneske som bur langs fjordsida her vest
desse teppe er også skattar. Så vakre, så fine, med så mange lag av verdiar ogsamansetningar av menneske.
Er du i nærleiken ta turen innom,
DU er velkommen!

Kong Vinter gir farge til kinna.

Det er vinter.
Det er kaldt.
Det er sol midt på dagen. Den kombinasjonen gjer godt.
Heldig oss, Anno og eg som blir invitert på besøk til eit trekløver av kjekke gutar
og deira
fine mamma.

Benkar oss fort rundt dette bordet,
når den beste eple chipsen blir servert.

Det er vakkert å møte trea sånn,
for så å veta at det kjem ein ny vår.

Den knasar i munnen. Smakar av eple.
Det vidunderlige eple.

Mammo strikkar Annavotten,
den er veldig fin.
Raud og varm.
Kven sine fingar kjem til å varma seg?

Kong Vinter gir farge til kinna.
Vakre barn.

Årets saga: 2012

Juli 2012 var litt sånn:
*Pappa 60 år. Den beste synes eg! Han inviterar til København og Jazzfestival. Eit høgdepunkt av året, for familien. Den varmar meg framleis når eg tenkje på dei dagane i den fine byen. Gode fine pappa og kjekke Køben.
* Me møter Julia Marie, ho er veldig fin. Ho får teppet sitt.
*Simon kjem ut i verda til oss! HURRA. Han får strikkejakke og kaka. Mammo får lito champangeflaske for den fantastiske kroppen og stryrken som ligg i den.
*Det kjem besøk til garden, eg avanserar meg innan drinkar. Ulike typar, ulike glass. Fine greier.
*Også moreller, me diggar det. Eller me elskar det. Morelleøyredobbar brukar me også.
*Kjære Kjærsti og gjengen kjem, godt som alltid. Fingermaling, båttur og tid i lag.
*Henger rundt med Linno, besøkar kvarandre, badar i fjorden også drinkar.
*Søskenbarn Cecilie og Villemo kjem. Alltid stas. Ho er glad og fin. Me rullar maki, snakkar om kjærleik og kvardagen.
*Reiser til øy. Besøkar besto og hennar paradis. Kyr og geiter og ope landskap. Yeah!
*Bror Christian kjem med sin gjeng. Det er nytt, det er fint.
*Tid i barndomsheimen, Frida inviterar på piknik på Hokelshaugen. Me drikk vin og snakkar livet. Sol i augene til seint. Kveldsol er noko av det beste eg veit. Den er ikkje i fjorden her kor garden er, så det gjer så godt når ho kjem og eg er heima der.
*Anna er vakker i heile juli,

1 2