Basar: Lappeteppeprosjektet

Det er nesten ufatteleg, men desse fine finaste lappeteppa er laga av menneske langs fjordsida her vest i Ullensvang.
Tenkje kvar enkelt teppe er ein skatt,
så mange nevar i arbeid,
så mykje varme som alt ligg i dei,
-også før dei blir lagt om nokon

Dei kn også bli dine,
om du kjem på basar på Jåstad grendahus laurdag 26 januar kl 15-17.
Her blir det loddsal,
kankje du alt har hatt ein loddselgar på døro?

Katten vår Annabella vil også varme seg i alt dette varme.
(skjønnar eg godt)
Det er også kafe i grendahuset denne dagen,
i kjellaren vil det bli høve for barn og lage lanterner.
-lever då inn tomt syltetøyglas innan onsdag til
Linn Østerbø eller meg (Elisabeth Emmerhoff)
Borna er den største inspirasjon kjelda til Me hjartar grendahuset,
under sjølve basaren vil me prøve å vise dei det.

Håpar du kjem!

1 Comment on Basar: Lappeteppeprosjektet

  1. Lille Finur
    Laurdag, 19. Januar 2013 at 8:03 pm (7 years ago)

    For noen fantastiske bilder av utrolig fine tepper! :)

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>