Barnehagegruppa kjem på besøk.

Tidlegare i sommar inviterte me gruppa i barnehagen som Anna Margrete går i
heim til oss.
Me serverte epledrikk i små fine glas,
måla på steinar som me fann
og baka pizza ute og steikte den i grillen.
Pizza blei stor suksess,
har fekk alle velga frå små skåler
kva ein ynskja å ha på den.
Mange gjekk for pizza margarita.
Ein klassikar, ein slager rundt dette bordet med finingar.

Det var så kjekt,
og så travelt å visa fram alt som måtte visas
fram.
Besøket reiste og det var
ikkje anna å gjera enn å ta seg ein kvil.

Veldig kjekt og god opplevelse.
Som anbefalast på det varmaste.

Barndomsvenniner og tid.

I høgde oppe hos Frida,
i den finaste bygdo.
Skånevik.
Barndomsvenniner og tid.

Det er noko som er så fast i dei relasjonane som har vekse fram over lang tid,
menneske som ein ikkje hugsar nøyaktig kor tid
ein starta å ha eit vennskap i lag med.
For dei var der,
sånn utan start
og heldigvis utan stopp.

Tantelykke.

Ei stund i fjor sommar såg litt sånn ut:
tantelykke.
Eg er så heldig å ha ein bukett av tanter,
veldig gode tanter med raus latter.

Å ha tanter opplever eg ofte som å ha ein ekstra
lag med beskytelse.
At det ligg noko der i relasjonen som gir tryggleik
og varme.

Nå er eg der,
som gjer at også eg er tante.
Det er fint på så mange måtar.

Er du tanteglad?

Ida.

Fine søskenbarn Ida er også konfirmant i år.

Ho er også å finne i det opne landskapet,
på ei lito øy faktisk.