Å veta at det er dette som er sommar.

Det gjer så godt for små og store kroppar,
å vakne opp dag etter dag og det
er ferie og god tid.

Utefrukost i barndomsheimen,
sitte lenge,
og veta at det er dette som er sommar.

Nå er me på garden, pakkar i bilen
og reiser på tur over fjorden.
Me er på veg til eit av sommarens høgdepunkt.
-hyttetur med tre vennefamiliar.
Lukka.

Kor er du?
-i din sommar.

Det er sommardagar med stor sol.

Det er sommardagar med stor sol,
det er lite kler, fjordbad og mykje tid.

-denne varmen gjer så godt, å kjenne korleis det er å bli varma opp av sola-

God sommar kjære du.