Det er nok ein av mine favoritt krokar, sånn i andre folk sin heim.

For ei veke sidan, satt eg i dette rommet her,
om kvelden i tusmørket og
som bilete viser
-i sommarmorgon sol.

Det er nok ein av mine favoritt krokar,
sånn i andre folk sin heim.
Lyset, det gamle mot det nye.
Det ukjendte mot det kjendte.

Du ser ut i hagen om du sit i ein av stolane.
-ut på eit gamalt epletre.
Eple for eplekake.

Heim tilhøyre ei av mine fine tanter.
-det er godt og flott å ha stor familie,
kor dører ofte er opne.

Har du ein favoritt krok i andre sin heim?

Hamstrar på seinsommaren.

Nå er me så heldige at me kan
hausta alt det gode

-dette er noko eg synes blir
berre meir og meir verdifult etter som åra kjem

-den blit svart, og eg er svært nøgd-

Også er det blitt laga ripsgele,
hamstrar rett og slett på seinsommaren.

Hamstrar du på seinsommaren?

Fjellet gjer oss godt.

Ho står så god ho Anna Margrete.
Her på høgfjellet.

I helgo hadde me ein veldig veldig fin tur i lag med gode venner,
opp på hytta som høyrer til garden her.

Desse imponerar meg,
over uendelege mange lette hopp over uendeleg mange steinar og bergknausar.

Når ein er heime i hytta kan ein sigarett og raudvin i kaffikopp smake
svært godt.

Nora gjor ein ekstra innsats for at hyggen inne skulle bli større.

God kvile på varmt fejll.

Ein favoritt.

Å gå i og inn i dette.

Å kjenne at ein er høgare.
Fjellet gjer oss godt.

I morgon startar kvardagen for fullt her på garden.
Er du komen i kvardagmodus?

Her på garden har me ein kiosk.

Her på garden har me ein kiosk,
den er open når eigaren kjenner for det.

Dette er eigaren.
I går blei det litt ekstra travelt,
for selgaren var svært opptatt av varene ho hadde til sal.

Då er det jo greitt å ha ei søskenbarn
som lett hjelper til.
Også han likar nysteikte vafler og varme boller.

Salet går unna

..drikke pause må jo til

Me er inne i den siste fri veka,
ekstra stas er det nå desse to gutane kryssar fjorden
og besøkar oss.

Me gler oss til hausten,
det er mykje spennande og fint i vente.

Gler du deg til hausten?

Kva tenkje du om å gi namn vidare?

Det er når me er hos mi besto me drikk den ferskaste mjelko,
rett frå tanken i bøtte. Det er stas.
Besto heiter Bjørg,
me synes ho er verdas beste.

Besto som blir Anna Margrete si oldebesto,
bur på gard med mykje dyr.
Garden me bur på har mykje frukt.
Så ulik drift,
men allikevel så mykje til felles.
Det er ein livstil.
Traktor er kult.

Det er fint travelt å vera hos oldebesto,
så mange dyr som treng kos og mat.
-Anna Margrete tek oppgåvo svært alvorleg.

På så fine sommardagar som dette,
drikk me kaffi med mjelk i solveggen.
Eplesafta er frå garden vår.

For oss som i kvardagen lever tett med fjellet,
gjer dette opne landskapet svært godt.

Denne fine jakka er det fasto til Anna Margrete som har stikka,
så fine fargar, så mykje i bruk.

Desse to finingane,
ligg tett inntil hjarterota mi.
Anna Margrete er oppkalt etter sine to bestemødre,
dette er noko som eg blir meir og meir glad for.
Tenkje ho er svært heldig som bere sit eige navn,
-som allikevel ligg så mykje styrke og kjærleik i.
For dei elskar ho Anna Margrete:
Anna og Margrete.
Anna er Bjørg si dotter.

Beste Anna Margrete.

Kva tenkje du om å gi namn vidare?

To favorittar.

Dette er nok to av mine favoritt bilete frå sommaren.
Det er noko som er magisk over å oppleve,
så mykje omtanke og varme.
-at det er så tydeleg,
at det lar seg komme inn i fotografiet.

Folgefonn husflidslag er i gong med eit veldig fint prosjekt.

Folgefonn husflidslag er i gong med eit veldig fint prosjekt.
Å strikke, hekle eller sy ulike plagg/bruksting til dukker,
i størrelsen til baby born. Det som kjem inn skal bli ei gåve til dei to
barnehagane som er i nærmiljøet her.
Det er eit svært givande og fint prosjekt å vera ein del av.

Dette dukketeppet har blitt til i løpet av juli.
Det er hekla i bomullsgarn kjøpt på spar kjøp.

Har du gode tips til oppskrifter på strikk til babyborn dukker på nett?