Dette er Utne.

Dette er Utne.
På Utne ligg Hardanger folkemuseum,
dette museumet er ein liten skatt,
som inneheld
spannande lokale tradisjonar,
kunnskap og opplevingar.
Kulturarv.

Som lærar til ein flott gjeng ungdommar kjenner me oss heldige
som får blir inviterte inn i alt dette.
Me er nå i eit prosjekt som innheld å
læra å sy hardangersaum og bake i eldhus.
Stas er det rett og slett.

Det å skape noko som vare, som blir til, for å varme.

Det har blitt mange lappetepper,
sidan eg byrja å hekla.
Det å skape noko som vare,
som blir til, for å varme.
-gir meining synes eg.
Dette prosjektet er litt av bidraget mitt til mi kjære vennine Linn
sitt veksande teppe. Desse teppa er jo glimrande samarbeidsprosjekt.
Samarbeidsprosjekt som dette er nett i mi ånd,
å sjå at noko vekse fortare fordi me er mange.

Det er ofte her eg sitt,
ein favoritt krok i mi eiga stova.

Har du ein favorittkrok i din heim?

Lukta av eple. Lukta av haust.

Det er tydeleg haust her hos oss

Eple i tonasje blir varsamt pitla ned frå trea og frakta ut til folket,
kanskje til deg?

Me jentene er også i haustmodus,
laga eplasaft til middag

et meir enn eitt eple om dagen,
eple i så store mengde gir frå seg den beste lukta.
Lukta av eple. Lukta av haust.

Anna Margrete veks opp i ein tydleg rytme av årstider,
dette er noko som gjer meg glad.

Elles er eg svært spent på den nye regjeringa,
med tanke på innvandring, skule og landbruk.

Kva er i ditt?
-desse nye haustdagane?

Bryllaupsommar.

Det har vore ei sommar utan det vanlege for meg,
ein bryllaupsommar.
Det gjer noko med meg å sjå så mykje varme i mellom
mennesker på så kort periode.
Så mange som ynskje å setja punktum
bakom kjærleiken til kvarandre.

JA!-eg vel deg.
Du er den eg ynskje å ha ved mi sida,
på slitsome kvardagar
og ved jublande høgdepunkt.

Det har vore så mykje vakkert,
hagebryllup,
ute vigsla,
raud løpar,
springane i støvlar over åker,
bobler og heimebrygg.

Fint, har det iallafall vore,
på så mange måtar.

Takk til alle de som val meg til å vera bryllaupet fotograf.
Det har vore ei æra!

Lappetepper til nye fjordingar fødd i 2013 vest i Ullensvang herad.

Lappetepper til nye fjordingar fødd i 2013 vest i Ullensvang herad.
Me i Folgefonn husflidslag har hekla og strikka lappetepper til born som kjem
til, her i dette året.
Det er stort uansett kor eller kva det kjem nye små folk til.
Men det er vel ikkje til å legge skjul på at her i utkant Noreg er det eit stort ynskje om at det kjem
fleire til.
At dette er eit ynskje som ligg i heile befolkninga.
Så prosjektet var ein lyst å vera med på,
alle så ivrige,
så glade for å kunne gi noko som kunne varme
dei små heilt nye sårbare kroppane.

Elles er det ei nerve i dagane som går til valet i morgon.
Her på garden stemmer me for
rettferdighet og miljø.