Det kjennes godt å pakke inn noko som er laga i fellesskap for å varme nokon ein likar veldig godt.

Dei som kjenner meg,
veit at dette med lappeteppe er noko som fasinerar meg stort.
At desse teppa kan lesast på så mange ulike måtar,
korleis ein treng mange lappar for å få det til å vekse,
korleis det kan vera symbol på så mangt.
Menneske i ei bygd.
Fellesskap.
At det å vekse tar tid.

Også oppå det heile så varmar dei.
Å  lage noko som gir varme til andre.
Ull er gull.

Enklare samarbeidsprosjekt skal ein leite lenge etter tenkje eg ofte:
Dette teppe er eit samarbeid mellom mor til min kjære sambuar og eg.
Det er ei gåve til Anna Margrete sitt kjære søskenbarn Gaute.
Han bur på hi sida av fjorden og blir snart 8 heile år.

Sjå også her

Det kjennes godt å pakke inn noko som er laga
i fellesskap for å varme nokon ein likar veldig godt.

Har du lappeteppetankar?

1 Comment on Det kjennes godt å pakke inn noko som er laga i fellesskap for å varme nokon ein likar veldig godt.

  1. detgoderom
    Laurdag, 4. Januar 2014 at 8:28 pm (6 years ago)

    Nydelig fint teppe! Skulle ønske eg kunne hekle og lage noko så fint sjølv :) heldig han som får dette!

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>