Dei tre K ane.

I forrige veka reiste me til byen eit par dagar og
drei på med dei tre K ane som me likar veldig veldig god:
Kunst, Kake og Kafe.

Desse tre K kunne det godt ha vore meir av her inne i fjordarmen,
det er luksus å kunne velge innan eit så stort område innan kunst,
velge kafe etter stemning og kake etter lyst.
Så me prøvde å ta til oss så mykje som mogleg med ammetåke og lite søvn.
Bra var det, Anna Margrete var ei sol inne i opplevingane.

Dagens musikktips: “I skyggen av en engel”  Grønneberg

Venner skal gjere godt.

Inne i ammetåke, ulande vind og kosekroppar med lydar i alle slag.
-kjem gode venner på graut (graut som nesten lagar seg sjølv, brukar steikeovnen, -passar meg nett fint)
venner med hjelpande hender og tolmodighet.
Det gjer godt,
kanskje spesielt godt sidan det er laurdag.

For venner skal gjere godt.
Me er heldige.

Fjernsyn eller ikkje: korleis vel du å runde av din dag?

Dette er ein stad i stova vår,
sit her når eg til dømes voggar litlebror,
-det likar han så god.
Kjenne varmen og rytmen til kvarandre,
kjenne rørsla i stolen, -
som tar oss med.

Kanskje drikk eg sitronte med honning.

Tenkje ofte eg skulle ha brukt stolen meir,
eller andre krokar i heimen.
Ikkje berre slenge meg nedpå sofaen med fjernsynet når kvelden favne om meg.
Dei kveldane eg vel fjernsynet vekk,
for ei god bok, heklet, teen, skriveriet og andre sysler som eg eigentleg likar så svært godt.
-kjenner eg på den gode kjensla når eg vel å vende meg inn i natta.
At det gjor noko med meg, at det var fint.
For det er fyrst etter eg flytta her til garden at fjernsynet kom inn i min heim,
etter eg flytta frå barndomsheimen til garden,
altså ti år. Ti år utan fjernsyn.

Sjølvsagt er det godt med fjernsynet av og til,
berre vera å sjå det som blir tilbyd,
har også nokre små favorittar.
-men så og sei aldri seriar utan avslutning same kveld,
det blir for mykje å binde seg til.
(skjønnar eigentleg ikkje kvifor eg kjenner det sånn, eg jo heime uansett,
men sånn er det iallefall -ingen seriar)
Allikevel vel eg fjernsynet svært ofte,
sånn i slutten,
som ei avrunding.

Nå tenkje eg at det er tid for ei endring.
Ikkje at fjernsynet skal ut,
men at det ikkje rundar av dagen så ofte.

Korleis er det med deg?
Kva vel du til avrunding for din dag?

Å kjenne liv i heimen.

God morsdag alle gode mammaer der ute.

Bilete synar venner som leikar og syng songar.
-det er så godt på mange måtar å kjenne liv på denne måte.