Tenkje ofte på det Ingvar Moe skriv: “gleda er mest altfor stor til å bera”

Glimt frå dagar i februar.
Alfred vår vil mest berre ligge tett tett inntil,
kjenne varme, kjenne rørsle.
Some dagar har det blitt for mykje gråt,
for mykje for den litle fine gode kroppen.
-det ser nå ut til å vera ei opning, at han skal få kvile seg meir.

Tenkje ofte på det Ingvar Moe skriv:
“gleda er mest altfor stor til å bera”

-at i den linja ligg alt.

Når eg kjenner guten vår inntil meg, kjenner på krafta i at han er komen,
at han er.
-kan eg ofte tenkje:
Eg ønske deg så sterkt, nå må eg klare å vera her for deg.
Verne om. Gi. Beskytte.
Fyrst og fremst med
Kjærleik.

-det går så djup, det synker inn og ned og djupare og breiar,
og veksande, tidvis eller nesten alltid for stort til å tenke lenge på:

eg er mamma til to.

Er du i desse tankane?
Flyt dei i deg?

2 Comments on Tenkje ofte på det Ingvar Moe skriv: “gleda er mest altfor stor til å bera”

  1. Ingvild S
    Måndag, 3. Mars 2014 at 7:34 pm (4 years ago)

    Varme fine ord om den viktigste oppgava <3

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>