Overgong. Anna Margrete har pakka sommaren inn, klar for haust.

04Framleis er me i den siste sommarmånaden, heilt i slutten. Sola står høgt og epla er på veg ned frå trea og ut til folket. Så hausten er her. Det gjer godt. Hausten kjem så tydeleg etter ein så flott sommar. Den klare lufta, det gode mørke, lys på bodet, dei syrlege epla og kanel på det som me kan ha kanel på.

Det er så stille her inne hos, meg. Men eg er her, har nå litt problemmer med maskina mi. Og lagringsplass, men dette er noko eg nå er på veg til å få orda opp i. Gler meg til meir blogging i tida som kjem. Håpar du har gode dagar, sånn i overgongen. Overgongar er fint, frå sommar til haust. Så kort, så det gjelder å sjå etter.

God helg godt folk.

 

Som ei stjerne som gnistar i mot oss.

 

01

Dette er vår nye stove. Gler meg over den.
Fram til nå har den ikkje blitt tatt heilt i bruk, men til hausten. -når mørket kjem og regnet og epla og den klare lufta.
Då skal eg krype oppi her. Og la strikket gå, lydboka romme, bokstavane bli ord og vinylen spre tonar (takk for veldig godt hjelp).

Den skal få sin eigen rytme denne stova her, utan fjernsyn.

02Alfred er så klår og tydelig. Som ei stjerne som gnistar i mot oss. Denne reisa med ein ny liten baby i hus, er så sårbar og så stor. I gjennom Anna Margrete vår, har me fått oppleve kor kort alt er, kor for alt kjem i mot oss. Tenkje ofte at nå er det berre å halde seg fast, å vera i det, for det er nå er er.

 

 

Å flyte i lag.

I01

Det er sommar, og varmen har trengt seg inn i fjordlandskapet og blitt her. Det er heilt nytt for oss, å vakne dag etter dag -sommaren berre gir og gir.
Frukta er større og tidlegare. Kleggane fleire og meir intense. Alfred har bada i fjorden og elska det, eg har kjent på krafta frå dei lubne babykroppen spent frå seg all si kraft og lat seg begeistra av møtet med den friske sjøen. Anna Margrete legg seg flat ned og inn i sjøen, blir nesten som ett med den og eg ser korleis ho let seg forføre. Fjorden er så viktig for oss.

Det er min fyrste sommar som tobarnsmamma. Det er nytt, det er ubegripeleg og det er veldig veldig fint. Det er også travelt, intenst og for mykje -til tider. Bloggen er også  ny og fin, og det er som om eg ikkje finn heilt ut av den, men heng med meg. For eg er her. Så takknemleg for at de er her også. Tusen takk for dei fine kommentarane.

02

Det er spor etter barn over alt, Alfred sine spor er heilt nye. Han likar så godt å sitje på fanget, kjenner varmen frå kroppen, dra den som held han litt i håret. Han er så tydeleg. Han visar oss kor gdt kroppsspråket er. For det er ikkje mykje tvil i kva han meinar ell er korleis han har det.

Den flotte kysa har eg kjøpt hos Ingvild, som syr av gjenbruksstoff, -så gode samansetninga, så sirleg gjennomført. Ho er bak bloggen: Ting som gjør en glad.

03i

Inne i desse dagane har det også tidvis ei slags uro, inne i meg. Det er som om det ubegripelega store, også er uhåndterlig. At det kjem stunder kor det meste flyt ut, og eg har ikkje heilt funnet ut, korleis flyte i lag med det. Det som er.

Og oii, så glad eg blir når eg kikkar innom Ine og hennar veldig fine blog Koffeine, og finn at ho visar her til. Det varmar.