DSC_5476

Aller helst vil ikkje Anna Margrete dela besto si med nokon.

Her er det kaffi og dessert etter middag, i barndomsheimen min. Eg likar så godt å drikke kaffi etter middag, og aller helst i sofaen, mjukt å sitje, kvile seg litt vaken, også om dessert så er det heilmaks. Det er ikkje tvil. Dei beste måltida har det heile, det salte, det bitre, det sure og ikkje minst det søte.

Barnelatter.

01

Dette skjer og ut kjem den finaste heilt frå det innerste rom, -ein nydelig barnelatter. Dette bildet gjer meg glad.

Epla er komen i hus

01
Det er blitt baka eplekaker her på garden. Dei ulike sortane etter tur. For det er ein bestemt rytme. Frå start til slutt. Frå Prins til Aroma. -me dyrkar  ikkje lenger Inger Marie til folket, som etter mitt syn er ein favoritt. Det djup raude vintereple som varer og varar igjennom vinteren. Uansett det er rett og slett ein haug med velsmakande frukt.02
HF står for Hardanger fjordfrukt. Dette synet slår meg alltid litt ut, tenk at det er sånn. At det blir henta inn, kilo etter kilo, tonn etter tonn. Av folk. Ein kasse her er 300 kilo med eple, som har vakse og sola i landskapet her. Nå ute i butikkane, og kanskje i ei kake nær deg.03
Alfred likar også eple, her sit den eplekjekke guten vår i ein haug eple, eple som seinare skal bli saft. Altså presseple. Desse epla når ikkje størrelse, eller kanskje det har fått merker etter vind, -det er ulike grunnar, ofte små grunnar til at eplet, blir eit presseple.
04
Dei som har besøkt bloggen mi ei stund, veit at lappeteppe er ei sysel eg tidvis driv på med. Det gir meining å bygge opp noko, noko som er synleg og som også varmar. Dette skal eg gi til Folgefonn husflidslag, som gir ut vogntepper til alle nyfødde langs fjordsida her. For to dagar sidan blei dei siste eple henta inn, og tida kom tydlegare. Bonden er meir i lag med oss. Det gjer så godt så godt.

Kva eple er din favoritt?

Søstre: At dette kvinnefelleskapet er av dei sterkaste. -i det som er.

25Stundo kjem det veldig fine jobbar min veg, som fotograf: Tre søstre. Det er noko i dette felleskapet som rører så strekt ved meg. Dette rommet mellom søstre, som kvinner, og ut i frå samme mamma. Det ser ut for meg at det ligg ein styrke der, som er vanskeleg å opppdrive i andre relasjonar.

At dette kvinnefelleskapet er av dei sterkaste. -i det som er.

 

The extraordinary will take care of itself.

01

“Do not ask your children
to strive for extraordinary lives.
Such striving may seem admirable,
but it is the way of foolishness.
Help them instead to find the wonder
and the marvel of an ordinary life.
Show them the joy of tasting
tomatoes, apples and pears.
Show them how to cry
when pets and people die.
Show them the infinite pleasure
in the touch of a hand.
And make the ordinary come alive for them.
The extraordinary will take care of itself.” 

William Martin

Fann dette i morgon timane, tenkte dette er til for å dela. Alfred søv og eg skal lage til kaffi med mjølk og kanel, -det er blitt bytta ut med min over mange år morgonte. Sterk earl grey med mjølk utan sukker. -det var tid for ei forandring, den gjer godt kjenner eg.

Ka drikk du til eller kanskje etter din frukost?

Epletid.

04Aldri før har det vore meir eple på dei ulike dyrkingsfelta her på garden, blir eg fortalt. Det bugnar i raude saftige eple. Kanskje har du ete nokre alt? Kanskje herfrå? Prins, Discovery og nå -frå i dag Summerred. Tonn etter tonn blir kjørt ut og inn i heimane rundt om i landet. Og alle kvart einaste, er blitt pitla ned av nevar, lagt i hentepose for så å bli båre bort til store trekassar. Så kjærleg. Lite viste eg om all omsorgen som ligg rundt eit eple, før det er å finne i butikkane. Og om du er eller skal til Skånevik fyrstkomande lardag, så satsar Anna Margrete og eg å selje Summerred eple på laurdag 6.septemer kl 11:00. I sentrum. Håpar du kjem og et knasande eple i lag med oss.