Epla er komen i hus

01
Det er blitt baka eplekaker her på garden. Dei ulike sortane etter tur. For det er ein bestemt rytme. Frå start til slutt. Frå Prins til Aroma. -me dyrkar  ikkje lenger Inger Marie til folket, som etter mitt syn er ein favoritt. Det djup raude vintereple som varer og varar igjennom vinteren. Uansett det er rett og slett ein haug med velsmakande frukt.02
HF står for Hardanger fjordfrukt. Dette synet slår meg alltid litt ut, tenk at det er sånn. At det blir henta inn, kilo etter kilo, tonn etter tonn. Av folk. Ein kasse her er 300 kilo med eple, som har vakse og sola i landskapet her. Nå ute i butikkane, og kanskje i ei kake nær deg.03
Alfred likar også eple, her sit den eplekjekke guten vår i ein haug eple, eple som seinare skal bli saft. Altså presseple. Desse epla når ikkje størrelse, eller kanskje det har fått merker etter vind, -det er ulike grunnar, ofte små grunnar til at eplet, blir eit presseple.
04
Dei som har besøkt bloggen mi ei stund, veit at lappeteppe er ei sysel eg tidvis driv på med. Det gir meining å bygge opp noko, noko som er synleg og som også varmar. Dette skal eg gi til Folgefonn husflidslag, som gir ut vogntepper til alle nyfødde langs fjordsida her. For to dagar sidan blei dei siste eple henta inn, og tida kom tydlegare. Bonden er meir i lag med oss. Det gjer så godt så godt.

Kva eple er din favoritt?

2 Comments on Epla er komen i hus

  1. Reidun
    Tysdag, 16. September 2014 at 6:25 pm (3 years ago)

    Eg leita etter epler frå garden dykkar i butikken i dag :) Eg fann ingen, men vil leita igjen ein annan dag!

    Reply
  2. Ragnhild
    Søndag, 5. Oktober 2014 at 11:13 am (3 years ago)

    Å, sjekk dei epla da! Moms! Og utsikta! Og guten! Og lappeteppet! Vakkert, vakkert.

    Reply

Leave a Reply to Reidun Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>