Det er kveld, og det er mørkt, og det er oktober.

DSC_5591

Det har vore dagar kor Litteraturen har vore i fokus. Odda Litteratursymposium. Kjøre langs fjordsida og inn til tettstaden Odda, fleire gonger i løpet av helga som var. Å vera i ein slags rus, av forventning, av tankar og av håp -håp om å finne noko, noko som eg vil ta med meg. Inn. Noko som utvidar og som er til å finne meining i. Som du les, er det ikkje lite forventninga eg har til desse dagane, for det har vore slik -at år etter år, har det innfridd. Har ikkje landa før etter fleire dagar. I år var det Lars Ove Seljestad som las frå si siste bok: “Kjære bror” om litle broren som skriv til sin eldre bror. Om om det som dirar i mellom dei. Ruth Lillegraven som skriv om Birgit, om livet som er levd, om det som var og det som er. Lillegraven som skriv fram si elde veninne sitt liv. Opplevinga av at forfattarane les sine eigne verk, er sterk. Det er så mykje liv i språket når den som skriv les. Eg likar det så godt. Det er som om språket opnar seg og veks seg større. For det ligg så mykje der inne i språket, av holdning, av liv, av næring. Det kjennes enda litt vanskeleg å skrive om, sidan det er noko eg nå tenkje mykje på. Kva ligg inne i språket?

DSC_5594

 

Strikking er, iallefall i så avansert form, litt nytt for meg. Og det har vekse ut i frå eit nytt venskap. Dette er noko eg er veldig takknemleg for. Å vera inne i eit venskap kor det ligg eit stort samtaleemne inne i det, -som er i det å skape. Å skape, å ha noko å ta i, noko konkret. Er noko eg blir meir og meir interessert i. At det nærmast er som ein terapi. Det handfaste, -kanskje spesielt mot ein kvar dag som inneheld det som er mykje meir abstrakt. Les her: i premisjon, til Alfred vår. Vårt andre barn.

DSC_5595

Ser at dette blei eit lite innlegg om to store tema. Det var det som kom fram, nå ventar Anna Margrete mi. Det er kveld, og det er mørkt, og det er oktober. Og me skal lesa i lag, avslutte dagen.. Kjenne at det gjer godt å kvila seg, for små og store.

Takk for at du kjem innom. Det varmar.

 

2 Comments on Det er kveld, og det er mørkt, og det er oktober.

  1. Polkadotdays
    Søndag, 19. Oktober 2014 at 6:20 pm (3 years ago)

    Hei! Så fin blogg du har! Og så fine kjoler (?) du strikker! Jeg har også lyst å prøve meg på litt mer avansert strikking, og lurte på hvor du fant den fine oppskriften?

    Reply
    • Elisabeth
      Torsdag, 30. Oktober 2014 at 8:58 am (3 years ago)

      Hei. Så kjekt at du kjem innom. Det er kjole og toppar, og dei er veldig kjekke å strikke. Google Lene Holme Samsø, ho er dansk. Og ho er stor i Skandinavia for tida i strikkeverda.
      God torsdag til deg.
      Smil frå Elisabeth

      Reply

Leave a Reply to Polkadotdays Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>