Jonsok.

1102

Her i Hardanger er det tradisjon for å stelle i stand barnebryllaup til Jonsok. Dette er ein svært gamal tradisjon, som kjem av at vår/sommar var og er den store bryllaupstida. Og borna ville også, vera med. Kjenne på stemninga, vera i musikken, dansen -i midtsommaren. Her vår Anna Margrete klar til dobbeltbryllaup.

1103

Her er også ei Anna. Så vakker.

1104

Dette er nå.

1105

Bygda har også ein av Noregs fremste spelemann som innbyggar. Det blir stemning av slikt.

1106

Is smakar alltid.

1107

Også denne vakre Dina fekk kjenne på stasen denne dagen. Om kvelden er det bål nede ved fjorden. Er det feiring rndt deg? Og TUSEN takk for dei fine kommentarane på forrige innlegg. Det varmar. Desse orda gir så mykje. Er framleis litt ny, sjølv inne i denne nye. Finn vel meir og meir fram etter som eg brukar den. Så kjekt at de følger meg.

 

“musikk frå byrjing av livet”

13
Alfred og eg går på “musikk frå byrjing av livet”
og sjeldan er eg med på noko,
-som har så mykje varme i seg, som me opplever her.
Bygda eller bygdene som ligg langs fjordarmen er små,
det kjem ikkje så mange småfolk til.
Og her inne i songen og det oppvarma kyrkjerommet blir me møtt med noko av det beste i livet,
kjærleik og musikk.
Desse torsdagane er som ein skatt,
med harpespel og lappeteppe,
vakre tekstar, meiningsfylle lydar,
gode hender og nysteikte vafler.-som du skjønnar så kan eg ikkje rose nok,
desse to fine som gjer dette mot oss.

 

Me treng vel alle stundo å oppleve å vera i ein sirkel.

Me treng vel alle stundo å oppleve å vera i ein sirkel,
inne i gode armar,
omgitt av menneske ein sett høgt
samtalar kor ein møter kvarandre

-om ikkje, så er me alle i årstidene sin sirkel,
i dei skiftningane dei gir oss,
-kjenne på korleis me vert påverka av m.a. lyset, fargane, tempratur
og stemningar.

Kva sirklar tenkje du på?

Tenkje ofte på det Ingvar Moe skriv: “gleda er mest altfor stor til å bera”

Glimt frå dagar i februar.
Alfred vår vil mest berre ligge tett tett inntil,
kjenne varme, kjenne rørsle.
Some dagar har det blitt for mykje gråt,
for mykje for den litle fine gode kroppen.
-det ser nå ut til å vera ei opning, at han skal få kvile seg meir.

Tenkje ofte på det Ingvar Moe skriv:
“gleda er mest altfor stor til å bera”

-at i den linja ligg alt.

Når eg kjenner guten vår inntil meg, kjenner på krafta i at han er komen,
at han er.
-kan eg ofte tenkje:
Eg ønske deg så sterkt, nå må eg klare å vera her for deg.
Verne om. Gi. Beskytte.
Fyrst og fremst med
Kjærleik.

-det går så djup, det synker inn og ned og djupare og breiar,
og veksande, tidvis eller nesten alltid for stort til å tenke lenge på:

eg er mamma til to.

Er du i desse tankane?
Flyt dei i deg?