Årets Saga: November 2012

November 2012 var litt sånn:
*Min fine søskenbarn kom til gards, er så heldig å ha ein haug med fine søskenbarn. Heile 29!
*Juletreinnhausting.
*Ingrid Marie eple er ein favoritt
*Mørket er på plass
*Linn inviterar på kake, det er farsdag
*Me hjertar grendahuset inviterar på utstilling på Hardanger museum
*Tante og onkel, mamma og pappa. Samtale og tid. På garden.

Anna Margrete var vakker i heile november

Årets saga: Oktober 2012

Oktober 2012 var litt sånn:
*familiebesøk frå Askøy, dei kjem i tre generasjonar. Har tid til kvarandre, me pressar eplasaft,
det kjennes godt ut å vise det som er
*Oslojenter kjem, riv i kunst og meg. Smertefylt og ekstremt godt.
Litteratur i fokus.
*Simon lagar hjerte med nevane, eg fotograferar deilig han.
*Anna Panna Margrete et eple, drikk eple og kjøre båt.
*Overnatting i Opedal, Anna Margrete er i vinden med søskenbarna sine. Me kjem med båt.
*Sara har bursdag, kake med fyrverkeri og Rosa har veldig fin mage
*Linn og eg heklar varmt teppe til fine fjordingen Jens
*Hausten er her, eg finn ut at det er ein stor favoritt. Det gode mørket kjem.

Anna Margrete er vakker i heile oktober

Årets saga: September 2012

September 2012 var litt sånn
*eple, eple, eple
*tomater, eple, graskar og endo meir eple
*me er ute, i regn, i sol og på garden hausting.
Min sambuar sine foreldre bur i nabohuset og dei er begge to bønder.
Heile sitt liv har dei to i lag arbeida side om side, for å levera gode fine eple ut til folket.
*Anna Margrete et eple, med livslyst heile september
*I dåp til fine Johannes, kor me er så heldige å vera faddrar
*Feirar 70 åring her på garden. Det er langbord, god mat og gode menneske
*Heklar teppe til Peder i Oslo i lag med Reidun i Egersund
*Strikkar jakka til Lukas i Egersund
*Har piknik i blandt frukttre, et pizza og solo skin
*Haustar graskar, lagar suppa og pure av det, det smakar og gir meir smak
*Reiser heim til barndomsheimen. Mammo lagar god mat. Rosa sin mage veks.
Fotograferar Theresa sine tre diamantar.
*Har veldig fin laurdag med Olav, Nora og Linn. Me har hausten i fokus.
Anna Margrete er vakker i heile september

Årets saga: 2012

August 2012 var litt sånn:
*me reiser på vår årlege hyttetur med dei fine finaste familiane frå heimbygdo mi.
-det er ein slager, sola varmar, maten er god og menneska best
*Anna Margrete er på besøk hos søskenbarna sine, ho nyt det. Det er noko av det beste ho veit.
-Fasto har laga nydeleg kaka og timane er gode
*Reiser til Oslo som berre Elisabeth. Veldig fine menneske i møte. Store rom, nokre av dei største eg kjenner.
*Kjersti med Peder i magen.
*Øya festivalen, Ane Brun stort.
*Mammo og pappen kjem til gards, lika godt som alltid.
*Annabella likar seg i heimen (genseren som på bilete er i byrjing fasen, er no i slutt fasen)
*Linn kjem med sine fine, henge litt rundt i lag med oss. Bakar boller kanskje, løyser verdsproblermer kanskje.
*Fine tanter kjem med fine søskenbarn. Mykje latter. Mykje moreller.
*I august haustar ein, det er tydeleg når ein bur på fruktgard. Me et epler, me et moreller, me et plommer og agurk og tomat. Det er lika imponerande kvart år. At det er muleg. At me kan hente det rett frå tre, så velsmakande, så søte,
rett og slett det beste.
*Anna er vakker i heile august.

Årets saga: 2012

Juli 2012 var litt sånn:
*Pappa 60 år. Den beste synes eg! Han inviterar til København og Jazzfestival. Eit høgdepunkt av året, for familien. Den varmar meg framleis når eg tenkje på dei dagane i den fine byen. Gode fine pappa og kjekke Køben.
* Me møter Julia Marie, ho er veldig fin. Ho får teppet sitt.
*Simon kjem ut i verda til oss! HURRA. Han får strikkejakke og kaka. Mammo får lito champangeflaske for den fantastiske kroppen og stryrken som ligg i den.
*Det kjem besøk til garden, eg avanserar meg innan drinkar. Ulike typar, ulike glass. Fine greier.
*Også moreller, me diggar det. Eller me elskar det. Morelleøyredobbar brukar me også.
*Kjære Kjærsti og gjengen kjem, godt som alltid. Fingermaling, båttur og tid i lag.
*Henger rundt med Linno, besøkar kvarandre, badar i fjorden også drinkar.
*Søskenbarn Cecilie og Villemo kjem. Alltid stas. Ho er glad og fin. Me rullar maki, snakkar om kjærleik og kvardagen.
*Reiser til øy. Besøkar besto og hennar paradis. Kyr og geiter og ope landskap. Yeah!
*Bror Christian kjem med sin gjeng. Det er nytt, det er fint.
*Tid i barndomsheimen, Frida inviterar på piknik på Hokelshaugen. Me drikk vin og snakkar livet. Sol i augene til seint. Kveldsol er noko av det beste eg veit. Den er ikkje i fjorden her kor garden er, så det gjer så godt når ho kjem og eg er heima der.
*Anna er vakker i heile juli,

Årets sagar: 2012

Juni 2012 var litt sånn:
*fargane er tydlegare, inne og ute
*Skålar meg inn som nyutdanna Pedagog. Fantastisk kveld med svært flotte mennesker. For eit år, det blei ei svært viktig reisa!
*me inviterar til nybakte boller i hagen, fine gjester kjem
*strikkar jakke til ei jente med sol i navnet
*førebur min gode pappa sine vakre 60 år
*Reiser til øy, kjenner på varme frå familie. Blir glad og stolt.
*Har klubb, me er ein gjeng jenter som møtes til mat og hygge, det er nå sommar. Og gjestene kjem i sommarkjole. Det blir ei så flott kveld. -for songar blir sunget, dikt blir lest og natta blir morgon.
*Linn og eg lagar ferdig teppet til Julia Marie, -dette teppet som er startskuddet til Lappeteppeprosjektet.
*Anna er i lag med søskenbarna sine, og det er noko av det beste ho veit.
*Inviterar fine folk på lunsj med sitronterte til dessert.
*Anna var vakker heile juni

Årets saga: 2012

Mai 2012 var litt sånn:
*Verdas finaste Anna Margrete blir 2 heile år.
*Me feirar med utemiddag, me feirar på garden, ho feirar i min barndomsheim.
Ein raud DBS sykkel blir hennar.
*Drikk procecco som var med heim frå Italia heilt for meg sjølv i eit fint smau i Bergens gater,
muntleg eksamen gjekk svært bra.
*Fine Johannes kjem. Han får ny strikkejakke.
*Linn og eg heklar til Julia Marie
*Grytebrød kjem inn i matsirkelen min
*Me reiser til barndomsheimen, møter der sjølvsagt Kjersti og hennar fine gjeng.
*Til frukost blir eg hekta på bær og frukt med youghurt natruell. Det smakar av sommar og håp.
*Mammo kjem og er berre god
*Fine Fiola kjem på utemiddag i lag med den flotta mammo. Me saknar dei.
*Linn inviterar på bobler midt i veko, ho gjer godt.
*Me feirar 17 mai på garden
*Gode Oda og mammo kjem på muffins med havregryn, dei er viktige.
*Bror Christian hadde bursdag, hugsar ikkje kor han var den dagen.
*Anna var vakker heile mai.

Årets saga: 2012

April var litt sånn:
*Malvin som var komen,  liten og veldig sterk. Fekk ny strikkejakke.
*i overgongen mellom mars og april opplevde eg Italia
*eg blei teikna portrett av, av ein venn
*Anno og eg besøkte Oskar for fyrste gong, mitt søskenbarn sitt barn
*Me budde i leilighet på Nattland, kjente på fellesskap sin styrke i mellom tuna der.
Inviterte i dette studievenner på prosecco og ta-med mat. Var fint og godt.
*Kjersti og hennar fine gjeng kom. Dei er tilstades, og gjer godt.
*Linn og eg arrangerar Påskeeggjakt for barn i fjorden her, det var traktorkjøring, eggleiting og felles måleri. Det var ein godt dag. Også sjølvsagt utlodding, handlaga premiar frå bygdefolk.
*Resten av påsken nyt me tid med bålbrenning, målar på egg i det fri, reiser til fjells utan ski -for å sitja i solveggen. Sola kom ikkje, me drakk kakao og reiste fort heim til vedfyring.
*Var i barndomsheimen, henta Anna Margrete heim til leiligheten. Ho var på ferie. Jørund planta epletre i hagen der.
*Hadde fin samtale om kjærleik, med ei veldig fin ei. Ho skriv postkort.
*Frisørtime og veldig fornøyd.
*Anno var vakker heile april.

Årets saga: 2012

Mars 2012 var litt sånn:
*Frida inviterar ein bukett jenter på tapas. Ho sit i gyngestol i kjole og drikk vin den kvelden.
Det er mykje mat og veldig mykje latter.
*Anno og eg et middag ute, ofte. Svært ofte.
Det er faktsik mest ho og eg, kvar dag. Mitt favoritt selskap.
*Lyset kjem sakte, tydlegare.
*Reiser til Italia som berre Elisabeth. Det gjer godt. Kunst og barn.
Milano og ein haug med flotte mennesker. Det blir kjole og procecco.
*Steiker pannekaker til frukost. Pannekaker er noko eg skal bli betre på i 2013.

Årets saga: 2012

Februar 2012 var litt sånn:
*mi finaste Kjersti 30 vakre år, me reiser til Trondheim by.
Og det gjer godt, svært godt. Ei av dei beste helgene i 2012.
Drikk champange etter frukost, et svært god lunsj og svært dårleg taps.
Ler så det riv i magen og undre oss over dei svært breie gatene som tar oss gjennom den fines byen.
*Har praksisplass på vidergåande i Bergen, i lag med ei som viser meg mykje, med så mange møter. Utviding.
*Strikkar etter tante Inga sin inspirasjon og motivasjon.
*Reiser heim til barndomsheimen.
*Pizzahorn til lunsj på garden
*Anna Margrete vakker i heile februar 2012.

1 2