Dette er vårt bad.

Dette er stmningar frå vårt bad.

Det er eit godt rom,

å vera i

Anna sine kjolar heng fram,
dei er så fine,
fargane, håpet og det skjøre
er så tilstades i dei

Eg prøver så godt eg kan å slå ring om barndomen,
verna om den.

Litt sånn var helga.

Tilbakeblikk på helgo:
Me planta eitt epletre, i min barndomsheim sin hage.
Anna sikrar her om at det er skikkeleg gjort.
Far til Anna er Fruktdyrkar.
Men det er Anna som tar siste sjekk!

Dette er kjøkenvindauga til ein av mine heimar.
Barndomsheimen.
Eg er tydpisk heldig som har fleire stadar å kalle heim!

Denne har eg stikka til Malvin!
Malvin er heilt ny!
Han er svært velkommen!
Han er veldig sterk og veldig liten, me likar han allerede!

Dette ser me frå stovevindauge i heimen,
dette lyset kan gi ei stor lengt, når eg ikkje er i desse romma
eller denne bygda.

Det var ei sånn helg,
kor me prøvde ut grytebrød og var mange til frukost.
Levde litt om natta også,
denne helga.

Og Nora vår hadde bursdag!
6 fantastiske år!
Denne gåva blei levert på døra hennar.

Anna gav mange smil.
Ho elskar å fly!

Og på veggane heng det ulike typar bilder, som fotografi, teikning, trykk eller måleri.
Eg likar svært godt denne veggen her.

Litt sånn var helga.
Rett og slett god.

Har du ei god oppskrift på grytebrød?
Eller på ein god dag?

Hei! Dette er Bjørnar ♥

Hei!
Dette er Bjørnar.

Navnet hans ligg så fint i tre generasjonar:
morfar: Bjørn
onkel: Leif Bjørnar
og her,
hjerteguten:
Bjørnar

-om du ein dag kjem på besøk i det kvite huset,
som Bjørnar bur i,
viser han nok deg rommet sitt.
Der har han bøkene sine,
og ein kommoden.

På kommoden kan han sitje å speide ut over bygda si.
I lag med løva, elefanten og krokodilen.
Her nå,
 og i bøkene.


God Kveld i Stova di.

og nevane til kvarandre.

Diamantgutar for meg!

Dei fine fine brødrene,

som drikk te,
har romma sine vedsida av kvarandre,
som kjenner lyden av måsar som skrik tett over fjorden,
lukta av nybaka boller med rørte jordbær
og
nevane til kvarandre.

*langbord*

-i helga vart jento vår døypt,
festen var i min barndomsheim:
21 mennesker,
roser,
3-rettars frå godtanto
og latter.
Me var så glad av og etter dagen,
så me avslutta den med raudvin i mjelkeglas på altanen i kveldsol, Perfekt!-

Heile helga var det lang bord: eg nyt det!

Nyt også: stillheten aleina med jento måndag morgon.

*barndomsheimen*

Har hatt dagar i barndomsheimen: litla jento og eg.
Det er ein så god plass å vera, me nyt rett og slett sommardagane.
Et lange frukostar, går på det lokala bakeriet.
Har møter med samtalar som er viktige.
Sover meir enn andre stadar.
Og alle orda.
Og sommarkjærleiken!


*koppar*

-har dillo på koppar!

i tre juler har mammo fått eitt kunstverk av ein kopp av meg,
her er to av dei.
(kjøpt på Format i Oslo, husker ikkje kven som har laga dei
-hmm dårleg! )

Mine venner får ofte kopper i gåver, sånn er det berre.
Avhengig av form og farge laga for nyting av te og kaffi.

Her på garden: han kaffi, eg te

Trykket over er laga av kunstnaren Knut Jespersen

*Svevn*

-finn dette lyset i rommet når morgonen kjem,
me er i min barndomsheim,
ho søv i senga som oldebessen hennar har laga,
ho søv der hennar grandtanter og grandonklar og besto og onkel og eg har sove-

1 2