Å ete Ute.

Anna blir Super Glad når eg hentar ho i barnehagen,
for så å ete middag ute.
Det er i desse måltida me har nokre av dei finaste samtalane.
Dette er det fyrste utemåltide i 2012.
-også er me begge glad i dessert!
Her blåbær frå Portugal, minimais frå Thailand og Asparges frå hmm var det Mexico?
Gler meg til grønsaken blir meir kortreiste, som Gjæren, Hardanger og Sogn, eller eigen hage.

Me nyt helgo i byen og håpar på stor Sol!

God helg GodtFolk!

Ho er 25 og ho syr den vakraste dåpkjolen til sin tantegut!

Det var torsdag og kveld. Det var fine folk frå ein tidlegare arbeidsplass.
Det var rett og slett ufatteleg godt!
Ho er 25 og ho syr den vakraste dåpkjolen til sin tantegut!
Me strikkar, eller ei av oss syr dåpskjole,
og snakkar om det som er,
akkurat nå,
i våre kvardagar.

Vidunderlig med Fine Folk!

Hipp HURRA for fagre Fiola!

Hipp HURRA for fagre Fiola!
1år!
 -her hos oss!
Me diggar DEG!
i 10 år har eg vore veninna med Fiola si mamma Malene,
her i byen er me naboar, me lagar middag til kvarandre,
lyttar, snakkar livet og kunsten,
og alltid kjærleiken.

Hipp hurra for Fiola!

Det kom ein lengt over meg.

Det kom ein lengt over meg,
mot sommar og grønt gras,
mot å kjenna huda når ein går inn i ein kald fjord,
om mindre kler
og
tid under eit gammalt epletre.
mot piknikk
og kanskje litt kaffi.

Men det er jo februar og fastelaven!
I kveld er eg så heldig av å få vera gjest,
kor vertinna  er frå Thailand og ein mester på kjøkenet!
JIPPI.

Sånn såg denne helga ut i fjor.
På garden,

God helg Godt Folk!

Eg likar!

Det er vidunderlig å tenke på at i morgon på denne tid er eg i Trondheim!
-i lag med 3 vidunderlege!!
3 netter på hotell i nesten ny by.
Dagar som er opne for nyting,
på høgt nivå.

Eg likar!

Inne i begge er det varm sjokolade.

Anna.
Eg er Svært Stolt over ho.
At ho er her
hos
meg
hos
oss

Søndagstur i sol. Kvar vår termos. Anna sin er ny og med prikkar. Inne i begge er det varm sjokolade.
Me er ute heilt til det ikkje er sol lenger,
så godt å komme inne,
etter å ha vore ute å også hatt det godt.

God veke til deg!

1. Ute er det kaldt, men ingen regn

God Helg Godt Folk!
Eg stemmer for at du gjer noko ekstra godt for deg sjølv!

-det skal eg.
1. Ute er det kaldt, men ingen regn
2. Vin er komt i hus, i lag med god ost
3. Eg har godt selskap, som vinen skal nytast i lag med.
4. Det er fredag, og veka har vore fin og travel
5. Tullipanar på bordet. Lilla.
6. Kako til frukost i morgon. Anna har ny termos.
7. Anna har tre nye ord: Anna, tutt og kakao.
STAS.

Anna likar Fiola spesielt godt.

Anna dansar og ventar på Fiola!
Fiola er ute,
ho kjem snart heim, til heimen kor Anna i dette bilde dansar.
Bildet er frå i går,
3. søndag i advent.
Anna og eg feira det
med fokus på venskap og kjærleik
i lag med Fiola og mamma Malene.
Fiola er 10 månadar.
Anna er 18 månadar.
Anna likar Fiola spesielt godt.

1 2 3 4