Du kjære lesar har ikkje blitt introdusert til min kjære bror!

Du kjære lesar har ikkje blit introdusert til min kjære bror!
Her er han, verdas finaste og beste bror (-for meg!)
Det er han og eg,
og det er akkuratt passe heilt super fint!

Desse fotografia tilhøyre ein midtsommarsdag,
kanskje den viktigaste for vår familie denne sommaren.

Bror Christian tok eit kjempe stort valg,
nå bur han på vestlandet att,
det er det mange år sidan.
Me feira det med bringebær med melis!
-og med besto sine varme gode strikkesokkar på beino.

Serie av bilder, alle med raudt i.

Har du ein storebror?

Ho er 89 år, og bøyer heile den slanke kroppen sin ut vindauga for å sei hadet.

Me har igjen tilbrakt timar på øy: i min pappa sitt barndomsrike
og mi ferie øy
og nå Annas.
Her står ho i si oldemor sit barndomshus, mi farmors barndomsheim,
 Anna si oldemor er ikkje lenger her,
men allikavel er ho her sjølvsagt,
som i stova her,
i stova som er hennar syster si nå,
her er ho,
 farmor over alt,
og det gjer godt.

Ho er 89 år,
 og bøyer heile den slanke kroppen sin ut vindauga for å sei hadet,
sei at ho blei så glad for besøket,
sei hade og
sjå oss gå,
ho vinka heilt til me var rundt svingen,
då kunne me ikkje sjå kvarandre lenger
Me kallar ho tante,
sjølv om det er tanta til pappa ho er,
ho er ein lidenskapleg amatørfotograf,
ho har eit arkiv med lysbilder som eg aldri før har sett maken til
eit av minne varmaste barndomsminne i frå øya her,
er når ho hadde framsyning av lysbilder i den litle gongen sin, ho
hadde då hengt opp kvit laken framføre døra inn til kjøkenet,
ho og eg på to kjøkenstolar med projeksjonsapparatet i mellom oss,
bilda, lyden, lukta
og ho ivrig med føttene i tøfler mot grønt gulvbelegg

Søskenbarnet mitt Anette Lida og Anna.

Anette Lida
 Lida – etter vår farmor,
-mange ho møter trur ho heiter Linda.
Anette har svart langt hår,
det mørke svarte håret
er sterkt i vår familie.
Eg likar det,  sjølv har eg det ikkje
det ligg så mykje i det,
i det mørke,
om forflyttning av mennesker
i form av reiser,
det mørke håret og den brune huden.

Resten av søndagen, blei Anna ufatteleg glad i min onkel, min fars einaste bror, ho ville berre vera i lag med han,
vera i lag med han og sjå på kattane, vera med kattane og sin gamleonkel (-eller granonkel, gamleonkel brukar me)
ho vinka meg hade, for her ville ho bli!
Det skjønna eg godt, for det var veldig godt å vera der.

God torsdag godt folk!

-det er jo du som gjer at bloggen er.

-ser at du er her inne, men du er stille. -kjenner nå at det også gjer meg stille, her på bloggen.

-det er jo du som gjer at bloggen er.
Det gjer meg glad,
at du besøkar!
Blir også glad om du seier: Hei!

-er det noko særskilt som bør få fokus?

Fotografiet er frå ein vårdag her i byen, nå er det år sidan. Framleis likar eg det godt.

-du er vidunderlig!

Å sitje på kjøkenstolen til ei som har kjent meg heile livet, ei som alltid ha vore der, ei som suslar på i sitt kjøken, å kjenne på varmen og drikke kaffien som står klar på disken, å sjå kvardagsrutinar, høyre deira lydar, kjenne på den opne samtalen, å sjå at det er stort rom også for mi dotter, høyre sonen i huset komme heim som ein virvelvind av god energi

-det er den beste tirsdagen på lenge!
For me feira i dag denne gode gode jenta som  gjor vår tirsdag til den beste på lenge! Feiring er stas. Bilda er frå forje besøk me var på i denne heimen.

Catharina, du er vidunderlig!

er din tirsdag god?

Eg heiar i dag på: jenter med kul på magen!

April 2008: Bjørnar varmar seg framleis inne i mammo si.
 
September 2009: Jonas varmar seg inne i si mamma

Fotografia er tatt ein mnd før dei finegode gutane kjem ut i verda til oss. Det er mine
venniner som som her er to i sin kropp.
Det vakraste som er. Rein magi!
Kjenner meg stolt, med å sjå på fotografia.
Ved å sjå den sterke kroppen til desse to sterke jentene!

Er er så heldig å akkurat nå, vera i ein sirkel kor det er fleire som er to i ein!
Jenter som bere eit heilt nytt
menneske i seg!
Eg heiar i dag på: jenter med kul på magen!

Besøk.

Me har besøk!
Og det er og smakar Godt!
Veldig godt.

Eg heiar lett på dei!

Ho som smiler på bildet inviterar til søndagsgraut, det gjer meg glad.
Invitasjonen + besøket

-det er nok min favoritt by!

det fine håret hennar og blomane og sløyfene på blusen

i trappeoppgongen heng ein kjole på veggen som helsar deg hei!
Anna et sikkert 7 smørauge under middagen, ho siktar dei ut, tek dei med neven og inn i munnen, ho synes det er fortreffeligt, det mjuke smøret.
Dei er gode inni og mine søskenbarn, desse fira jentene som var i våre timar denne søndagen!
Eg heiar lett på dei!

for det er så ufatteleg STORT.

Ho er det vakraste 

som

er
-for oss-

Det å bli mamma,
det å vera mamma,
er så stort,
att det av og til er som om det vil
øydelegge meg

for det er så ufatteleg
STORT.

1 2 3 4