les bøker med ord som kjem i nytt rekkefølge

-det er ei som er,
som vandrar rundt i andre gater,
gater som ikkje ligg i mitt nabolag,
ho opnar dørar og går inn i rom som eg ikkje kjenner,
drikk kaffi av ukjente koppar,
les bøker med ord som kjem i nytt rekkefølge,
sjølv om gatene og koppane og bøkene ikkje er her,
så er ho her allikevel.
Sterkt.

Denne kom frå ho:
“Ting som virker”
Kim Hiorthøy

-det er slik som sitt att og utvidar.

Det er i ei stove på Cuba, eg er solbrent og det er dagen etter bursdagen min som er i desember, tven surrar i bakgrunn og det er ei lita jente på kanskje ni som tar bildet, ho bur i huset som me er i og neste dag går ho og eg på museum saman, hand i hand, med kroppen som vårt språk. -det er slik som sitt att og utvidar.

Det er søndag.

Det er søndag og haust og dette er bilder frå dagar som alt har vore,
nå sover Anna og det er stille i tunet.

-små samtalar som sakte lagar nye samanhenger-

Her satt eg tirsdagsmorgon, det var fyr i den opne peisen, det var klar luft ute som lova oss haust, det var nye spennande mennesker, det var te i koppen og små samtalar som sakte lagar nye samanhenger. Det var ultra godt!

Anna bur nå i Bergen.

Anna bur nå i Bergen.
Anna og eg.
m,Og ho går, i full fart på fram, det har ho snart gjort i tre veker.
Det er så fint å sjå korleis ho tar stega sine,
ko rleis ho løftar skuldrene og går på.

 ♥

1 2 3 4