Søstre.

Det er alltid veldig spesielt å fotografera søstre,
for meg synes det ofte å ligge ein sterk energi i mellom dei:
av hemmelighetar, styrke og varme.

Detter er mine søskenbarn,
søstre,
det er høgsommar og me er på øy.
Kjenner meg heldig, som såg denne varmen som kom.

Tusen Takk for dei fine og gode kommentarane frå forje innlegg.
Det varma så godt!
-finingar-

HURRA!

I dag er det komme ein heilt ny gut til verda.
11 timar etter mamma hans forlot vår heim,
var han er ute hos oss. HURRA!

I dag har Anna si einaste finaste fasto gebursdag. Hurra!

Bildet er frå i fjor sommar,
Anna mi i lag med mine søskenbarn.
I besto og oldebesto si seng.

Inne i begge er det varm sjokolade.

Anna.
Eg er Svært Stolt over ho.
At ho er her
hos
meg
hos
oss

Søndagstur i sol. Kvar vår termos. Anna sin er ny og med prikkar. Inne i begge er det varm sjokolade.
Me er ute heilt til det ikkje er sol lenger,
så godt å komme inne,
etter å ha vore ute å også hatt det godt.

God veke til deg!

♥ Tid til Kvarandre ♥

Det har vore helg,
 og denne fine fine gjengen,
 opnar dørene
og inviterar oss,
Anna og eg
inn i
varmen

Anna møter Villemo
Villemo møter Anna

saman er dei
 tigerjenter,
finejenter,
sintejenter.
godjenter
og
heile tida
Diamantjenter

Det er blitt laga måltider,
dei beste måltider
kor hovudingrediensen
er tid og kjærleik.
Ete av dei finaste servise,

med duk på bordet,
laga av ho som knytter oss saman.
Besto.

Og denne fine jenta.
Som alltid kjem og gir av si
tid
og sin
varme,
og
styrke.
Me vernar samman om det som er godt
me er familie og venner,
3 søskenbarn
me har eit uskreve manifest
om å prioritera:
tid
til kvarandre

Det er dagar kor eg og ofte Anna er så heldige å vera i omgivelsar kor det er mykje kjærleik.

Det er dagar kor eg og ofte Anna er så heldige å vera i omgivelsar kor det er mykje kjærleik,
og den er tydleg.
For den ligg tett i romma
og i møtet.
I desse omgivelsane, kor kjærleiken er tydeleg,
 kjenner eg på ei stor kraft,
som gir eit giv,
ei gleda
ein energi
til dagar som skal komme.

                                                            ♥

♥Verdas finaste Gaute♥

Dettte er Gaute.
Han er verdas finaste Gaute!
Han er 6 vintrar,
og her ser du han på dagen,
den dagen 5 blir 6

5 blir til 6
og
som vanleg
svevar Gaute litt høgare enn dei fleste
svevar høgare og ventar,
for klokka er 11:40,
om 20 minuttar
kjem det gjester.
Gaute sine Gjester!

Han venta dei, med heile seg!
For det er den beste dagen i året,
den dagen han får eitt heilt nytt tall.

Verdas
Beste
Gaute

Ho er 89 år, og bøyer heile den slanke kroppen sin ut vindauga for å sei hadet.

Me har igjen tilbrakt timar på øy: i min pappa sitt barndomsrike
og mi ferie øy
og nå Annas.
Her står ho i si oldemor sit barndomshus, mi farmors barndomsheim,
 Anna si oldemor er ikkje lenger her,
men allikavel er ho her sjølvsagt,
som i stova her,
i stova som er hennar syster si nå,
her er ho,
 farmor over alt,
og det gjer godt.

Ho er 89 år,
 og bøyer heile den slanke kroppen sin ut vindauga for å sei hadet,
sei at ho blei så glad for besøket,
sei hade og
sjå oss gå,
ho vinka heilt til me var rundt svingen,
då kunne me ikkje sjå kvarandre lenger
Me kallar ho tante,
sjølv om det er tanta til pappa ho er,
ho er ein lidenskapleg amatørfotograf,
ho har eit arkiv med lysbilder som eg aldri før har sett maken til
eit av minne varmaste barndomsminne i frå øya her,
er når ho hadde framsyning av lysbilder i den litle gongen sin, ho
hadde då hengt opp kvit laken framføre døra inn til kjøkenet,
ho og eg på to kjøkenstolar med projeksjonsapparatet i mellom oss,
bilda, lyden, lukta
og ho ivrig med føttene i tøfler mot grønt gulvbelegg

Søskenbarnet mitt Anette Lida og Anna.

Anette Lida
 Lida – etter vår farmor,
-mange ho møter trur ho heiter Linda.
Anette har svart langt hår,
det mørke svarte håret
er sterkt i vår familie.
Eg likar det,  sjølv har eg det ikkje
det ligg så mykje i det,
i det mørke,
om forflyttning av mennesker
i form av reiser,
det mørke håret og den brune huden.

Resten av søndagen, blei Anna ufatteleg glad i min onkel, min fars einaste bror, ho ville berre vera i lag med han,
vera i lag med han og sjå på kattane, vera med kattane og sin gamleonkel (-eller granonkel, gamleonkel brukar me)
ho vinka meg hade, for her ville ho bli!
Det skjønna eg godt, for det var veldig godt å vera der.

God torsdag godt folk!

Halsnøy kloster + juletrefest

Dette er hovudbygningen på Halsnøy Kloster, og er frå ca 1100 talet -det seies å blitt grunnlagt av jarlen Erling Skakke i samanheng med at sonen Magnus Erlingsson blei krona til norsk konge.

Sånn var det då, men år og dag etter, i hundrevis av år etter,
 hadde me, min familie  tradisjonen om å ha juletrefest i dette lokalet!

-i minnet er denne dagen magisk,
alltid 4 dag jul,
 i den fyrste stova stort høg juletre med norske flag,
fin skor på inne, god mat som blir ete ved langbord
og latteren.
Alltid det store, gode høge latteren.

å alle menneska
som kjem til øya
frå by og bygd,
 for å vera i lag,

alt på grunn av desse:

besto og bessen! 
Fotografia er frå 2006.

Min gode besse er ikkje lenger,
 besto er!
 Svært vakker!

Har du tradisjon om juletrefest? Og korleis?
Å. fortell.

-tradisjonen om juletrefest 4 dag er framleis i vår familie, men ikkje i dette storslagne huset.
Kjenner at eg ønska det var.
TUSEN takk for fine og gode kommentarar på forje innlegg. Det varma og gir mykje!

Katrine, som er god og som har desse orda mot sin kropp: stolt mamma

Dette er mi Katrine,
søskenbarn Katrine med hennar fine gode gjeng!

dei bur også på øy

Katrine som alltid kjem,
der eg er når eg er på hennar øy,
kjem å brukar av si tid på oss

og lar oss bli kjent,
med Mathilde,

Mathilde
-som likar å fly høgt i lufta og gjennom rom

som har ein pappa med gode nevar

 som likar å plukka blomar

som er nydelig!

Katrine, som er god og som har desse orda mot sin kropp:
stolt mamma


Reiser til øy!

Reiser til øy,
i kjole med roser under armen,
reiser for å møte eit nytt menneske,
reiste for å møte Villemo.
Møter Villemo,
ho er ny og vakker,
og eg opplever å vera så velkomen,
det heile varmar, heile meg.

Det er forandringar sidan sist, 

store fantastiske forandringar

det ligg i lufta, som eit teppe om oss, alt det nye,
 og det er som om mykje smakar ekstra godt,

og denne nydliga jento kjem,
på besøk
i full fart inn dørane,
så mykje å sjå,
så mykje å visa
å vera stor, men liten
og
liten og stor
Matilde og Villemo,
Anna i tankane.
Søskenbarn sine barn.

Det er så godt å kjenne kvarandre!

1 2 3