Lappetepper til nye fjordingar fødd i 2013 vest i Ullensvang herad.

Lappetepper til nye fjordingar fødd i 2013 vest i Ullensvang herad.
Me i Folgefonn husflidslag har hekla og strikka lappetepper til born som kjem
til, her i dette året.
Det er stort uansett kor eller kva det kjem nye små folk til.
Men det er vel ikkje til å legge skjul på at her i utkant Noreg er det eit stort ynskje om at det kjem
fleire til.
At dette er eit ynskje som ligg i heile befolkninga.
Så prosjektet var ein lyst å vera med på,
alle så ivrige,
så glade for å kunne gi noko som kunne varme
dei små heilt nye sårbare kroppane.

Elles er det ei nerve i dagane som går til valet i morgon.
Her på garden stemmer me for
rettferdighet og miljø.

Folgefonn husflidslag er i gong med eit veldig fint prosjekt.

Folgefonn husflidslag er i gong med eit veldig fint prosjekt.
Å strikke, hekle eller sy ulike plagg/bruksting til dukker,
i størrelsen til baby born. Det som kjem inn skal bli ei gåve til dei to
barnehagane som er i nærmiljøet her.
Det er eit svært givande og fint prosjekt å vera ein del av.

Dette dukketeppet har blitt til i løpet av juli.
Det er hekla i bomullsgarn kjøpt på spar kjøp.

Har du gode tips til oppskrifter på strikk til babyborn dukker på nett?