Bryllaupsommar.

Det har vore ei sommar utan det vanlege for meg,
ein bryllaupsommar.
Det gjer noko med meg å sjå så mykje varme i mellom
mennesker på så kort periode.
Så mange som ynskje å setja punktum
bakom kjærleiken til kvarandre.

JA!-eg vel deg.
Du er den eg ynskje å ha ved mi sida,
på slitsome kvardagar
og ved jublande høgdepunkt.

Det har vore så mykje vakkert,
hagebryllup,
ute vigsla,
raud løpar,
springane i støvlar over åker,
bobler og heimebrygg.

Fint, har det iallafall vore,
på så mange måtar.

Takk til alle de som val meg til å vera bryllaupet fotograf.
Det har vore ei æra!

To favorittar.

Dette er nok to av mine favoritt bilete frå sommaren.
Det er noko som er magisk over å oppleve,
så mykje omtanke og varme.
-at det er så tydeleg,
at det lar seg komme inn i fotografiet.

Ida.

Fine søskenbarn Ida er også konfirmant i år.

Ho er også å finne i det opne landskapet,
på ei lito øy faktisk.

Dette er ein ny Hjarteknusar!

Hei!
Dette er ein ny Hjarteknusar!
Han bur i fjordlandskap,
og han har ei veldig fin mamma.
Det er mi vennina Lene som er den fina mammo.

Simon helsar deg med å forme hendene som eit hjarta!
Typisk ultra fint,
frå ein hjarteknusar.

Det er søndag,
og Anna Margrete mi starta den med ein setning på heile fem ord:
“far likar biola veldig godt!”
-
då svara mammo, altså eg ho tilbake:
“mamma likar Anno veldig godt!

Er det noko du ynskjer at eg skriv, eller synar deg?
her inne på bloggen.
Håpar eg høyre frå deg.

Søstre.

Det er alltid veldig spesielt å fotografera søstre,
for meg synes det ofte å ligge ein sterk energi i mellom dei:
av hemmelighetar, styrke og varme.

Detter er mine søskenbarn,
søstre,
det er høgsommar og me er på øy.
Kjenner meg heldig, som såg denne varmen som kom.

Tusen Takk for dei fine og gode kommentarane frå forje innlegg.
Det varma så godt!
-finingar-

Dette er Lene.

Dette er Lene.
Mi barndomsvennina Lene.
Lene som eg har drukket litervis med flaskebrus med sugerrør i lag med,
som gjekk over til litervis med vin!
Lene som framleis er sterkt,
i min sirkel.
Barndomsveninner er Fantastiske!

NÅ:
Varmar det seg ein liten baby inne i Lene!
-for andre gong.

Det er ikkje til å komme vekk i frå:

DET ER MAGI.

♥Verdas finaste Gaute♥

Dettte er Gaute.
Han er verdas finaste Gaute!
Han er 6 vintrar,
og her ser du han på dagen,
den dagen 5 blir 6

5 blir til 6
og
som vanleg
svevar Gaute litt høgare enn dei fleste
svevar høgare og ventar,
for klokka er 11:40,
om 20 minuttar
kjem det gjester.
Gaute sine Gjester!

Han venta dei, med heile seg!
For det er den beste dagen i året,
den dagen han får eitt heilt nytt tall.

Verdas
Beste
Gaute

i eit lite sekund var det som om ho sank mot han

Eg fekk sjå korleis ho lena seg mot han i det dei møtes oppe ved alteret,
i eit lite sekund var det som om ho sank mot han,
gav sin kjærleik så tydeleg,
 så vakkert,
at alle håra på kroppen reiste seg,
i berundring.

Tusen Takk for at eg fekk dela dette med dåko!

1 2 3