Katrine, som er god og som har desse orda mot sin kropp: stolt mamma

Dette er mi Katrine,
søskenbarn Katrine med hennar fine gode gjeng!

dei bur også på øy

Katrine som alltid kjem,
der eg er når eg er på hennar øy,
kjem å brukar av si tid på oss

og lar oss bli kjent,
med Mathilde,

Mathilde
-som likar å fly høgt i lufta og gjennom rom

som har ein pappa med gode nevar

 som likar å plukka blomar

som er nydelig!

Katrine, som er god og som har desse orda mot sin kropp:
stolt mamma


Beautiful Beate!

Dette er Beate!
Dette er Beate som tilbringer sommardagar i hennar farmors barndomsland,
og som eg kjenner eg møter godt
i stunda av fotograferinga.

Beautiful Beate!

-dette gjer det lettare å puste.

Nå når dagane har vore så tunge, så vonde med alle tankane om kor ufatteleg det er,
alt kva ein person kan vera i stand til.

Så er det så uendelg godt å ha ein 15 åring i hus,
(i lag med ei fantastisk Anna med sine 14 månadar som utforsker verda, fort fort)
ei som står ved sida mi når me tenner faklar ved vegen og ber høgare makter om kjærleik til dei som står at,
til dei som har mista,
det som er umisteleg.

Å ha ei som krøller seg på sofaen i huset og ønsker at noko

skje,
for så å jogga oppover og ned og inn i fjorden,
-å strekka kroppen ut i fjorden,
rusla heim i vått undertøy,
laga vegitarsushi
som min 15 åring ikkje tok inn på sin Topp ti av favoritt måltid.

Her dans blant epletre.

dette gjer det lettare å puste.

Det er så godt å veta at dei er -

Det er høgsommar og eg møter Selma for fyrste gong, ho er min venn si dotter, eg kjem ned til stranda ved huset,
Selma er vaken når eg kjem, ho har vore vaken i fleire timar, ho er vakker. Det er varmt i lufta, det er sjø mot land, det er små blomar og eitt kvit teppe strikka av ei bestemor for lenge sidan, det er sommardag og eg kjem for å fotografera, dei er så fine!
 Det er så godt å veta at dei er -

*Søskenbarn Bjørg og hennar fine gjeng*

Her er Bjørg, gode Bjørg.
Her er ho med den fine gjengen sin!
Heldige meg,
som fekk fotografera denne familien,
den einaste dagen sommaren kom når me var på øybesøk,
Anna og eg.






Bjørg er 9 månadar eldre enn meg og mitt søskenbarn,
ho og besto vår, eig same navn.

*Maria*

Me sit i kvar vår stol i stova til besto vår,
Maria og eg,
me et God morgon yoghurt og det nærmar seg kveld
og det er laurdag
og ho fortel meg om den nye fiskestaga si som ho ynskje å bruke seinare på kvelden.

*bryllaup*

Dette var fint.
Sommardag i august.
Nå nygifte.
Eg heldig som fotograf.

1 2 3