Nytt strikk i ny lito stova.

014
Nytt strikk i ny lito stova.
Hua er etter mønster frå den fine bloggen Rare Rusk.
-den er til ei fin lito veninna
023
Denne genseren skal få legge sin varme om Alfred vår.
-dette strikkeprosjektet starta eg på då han framleis låg inne inne i magen og varma seg.

Eg er ei typisk fleire prosjekt på gong jenta.
-om noko kjedar meg,
tar eg ein pause og startar på nok anna.
-men eg avsluttar så og sei alle prosjekt.

Korleis driv du dine prosjket fram?

 

N O R A

Dette er Nora,
Nora er 6 år og ei god vennina av oss.
Ho er tydeleg.
Nora bur på nabogarden,
ho kan sykla, lesa, ropa høgt og dansa lett.
Nora og litle bror Olav Skage,
ein søndagmorgon i januar.

Dette er vårt bad.

Dette er stmningar frå vårt bad.

Det er eit godt rom,

å vera i

Anna sine kjolar heng fram,
dei er så fine,
fargane, håpet og det skjøre
er så tilstades i dei

Eg prøver så godt eg kan å slå ring om barndomen,
verna om den.

sym du i fjord, sjø eller vatn?

Eg strikkar.
Og eg diggar det. Det er ganske nytt for meg,
nå strikkar eg til dei heilt nye som kjem til verda!
- som alt er viktige for oss her på garden.
Det er ei gleda å skape,
 for så å gi det til nokon ein bryr seg mykje om.

Her på garden heiar me på bygdo om sommaren,
på fjorden,
fjordsymjing.
Nå ventar badedrakta og grilling i fjøro.

Håpar du også har det godt,
sym du i fjord, sjø eller vatn?

heilt ope for å bli tatt i mot

Desse jentene kan sommar

-dei er i det

som kjem

til dei
og
til oss

klart og nytt,

heilt ope for å bli tatt i mot,
om ein klarar å sjå det.


Hei gode lesar!
 Du er ikkje gløymt, du er her!
Det har berre vore så mykje anna,
å komme til gards att,
å flytte inn att.
Å skifte landskap.
Å bu i eit heilt hus,
ikkje i ein leilighet.

Håpar du framleis kjem innom,
sjølv om innlegga ikkje kjem så hypigt.

Du er svært velkomen!

Klem frå Elisabeth

Feiring og bunad.

Me har også feira 17 mai!
Det er ein festdag,
så me inviterte fort til prosecco og frukt,
på morgonen,
sånn etter frukost og få-på seg bunaden tid.

Som den stolte Sunnhordlendingen eg er,
bere eg sjølvsagt min vakre Sunnhordlandsbunad!
i Indre Hardanger.

Derimot desse to vidundera her,
småtassane våre,
i vakre små kreasjonar av Hardangerbunaden,
 er det meste på stel,
til og med skjorta er full av saum.
På lik linje med dei vaksne er saumen blitt tatt på alvor til barna,
dette likar eg sjølvsagt svært godt.

Feiringa var på garden og bygda den ligg i.
Fint.

Kva er felleskap for deg?

Nå er Anna og eg i byen, men ein dag når me framleis var på garden(i helgo).
Så det litt sånn ut i eit lite augeblikk.
Me hadde besøk av to fine jenter, me satt på trappa,
smaka på muffins med havregryn, blåbær og eple som Anna ig eg hadde laga.
Snakka om felleskap, korleis det kjem og kva som ligg i det, og om kor viktig det er å sjå kvarandre.
Dei små store jentene utforska blomane,
muffinsen, sandkassen,
reila og alt som måtte passe inn, der og då.

I ettertid er eg så glad for dette bildet,
det rundebordet,
tydlege spor.

Kva er felleskap for deg?

1 2 3 6