Helga såg litt sånn ut:

Helgo såg litt sånn ut. Det var mykje godt inne i denne helga.
Me laga smakfull mat, var i bryllup og overnatta i ein heim som er god, svært god.

Sein laurdagsfrukost:

Sein laurdagsfrukost:
1 kopp sterk svart te
1/2 glas druejuice
1skeve nøttebrød med brie og heimalaga jordbærsyltetøy
1/2 skeve nøttebrød med italiensk salat utan skinke ( utan skinke er viktig, eg er ikkje vegeterianar, men den med skinke tiltaler meg ikkje)

Denne frukosten blei ete på garden,
eg var aleine i huset.
Det var mykje seinare enn eg til vanleg et frukost,
og eg såg på tv og strikka
og der i rommet fløyt vårlyset,
det var stille, utan om tv som var lågt på, og det kjente ut
som om eg kunne ha vore der i
timar. At eg kunne ikkje få nok,
av tven, lyset og frukosten.

Men dagen kom, fort.

Ho vil ha alle med!

Det har vore karneval i barnehagen.
Og den dagen vakna Anna opp,
bestemt.
Ho skulle så absolutt ikkje vera,
noko gullfisk inspirert jenta.
Den tida det tok å ta dette bilde,
er den tida Anna har gitt kostymet sitt.
Som ho og eg tidlegare i veka laga i lag.

Anna
eller Anna Margrete som er hennar heile navn
er blitt ei felleskapets jente,
 ho vil ha Alle med.
Ho kjem i ulike høve å henta meg og andre til boklesning, til å sjå ut vindauge,
til det så opptar ho.
Om me er fleire enn ho og eg, så seier ho: Alle!
Ho vil ha alle med!

Også kom laurdagen, og natta inn til laurdagen.
Var ei god natt, vaken.
Vaken og glad på thaimat og raudvin og fine folk!
Laurdagen var dagen kor Anna åt is til frukostdessert inne i teltet sitt.
Her i teltet trives ho best med besøk.
Dørene er opne og jenta viser fort veg.
og boller,
laurdagsboller med sjokolade,
og besøk av denne fine jenta,
Nora
som her hoppar for meg:

Nora kom i lag med gjengen sin, badekaret blei fylt, bollefatet blei tomt,
den blå time blei mørkare, lyset gullare og samtalen var i fokus.

Nå er det søndagskveld.
Me er i byen.
Bergen.
I morgon startar me på måndag att,
sånn er det.

Du?

i helgo:

var eg på garden og der baka eg

og hadde fine måltider i lag med fine mennesker

strikka og det var heilt stille rundt meg

drakk vin i lag med gode Linn,
me snakka om språk,
 -om korleis ein finn sit språk,
i forhold til dei ein lever tett i lag med,
for å kunne sjå kvarandre tydlegare.

Nå i byen att, og ute er det snø.

Tusen Takk for fine Trondheim tips!
-me reiser til helgo.
Ultra Stas.

Dette vakna eg opp til ein dag i det nye året.

Dette vakna eg opp til ein dag i det nye året.

Og dette blei eit av dei store høgdepunkta for Anna,
å gå julebukk,
nyttårsafta.
Den Store siste festen i året,
den dagen trippa jenta mi stolt avstad påført pippiparykk,
 og lys på hovudet i lag med gode venner.
Det blir sunget i stor iver,
 og alle vérs:
Nissen på låven!
Anna gav seg ikkje med denne ein turen,
for trettendedagjul,
som er den:
Store Julebukk dagen!
Den dagen bukkane kjem for å ta jula ut av huset,
for å samle i hop restar av søtsaker i sine vesker,
trappa ho opp att,
med sine bestevenner
Olav og Nora!
Tradisjonen ligg ikkje i bygda, men frå i år av, har den blitt det på vår gard,
med eit håp om at det sprer seg til nye hus og gardar.

Har du tradisjon om julebukk?

-i vindauga finn du saft og blomar, på veg ut

Dette er fine Linn og fine Olav.

Me er blitt invitert på mddag,
det er onsdag og sola står høgt og sommaren er på hell

Dette er Nora.
Ho er ein stor favoritt,
ein favoritt som plukkar moreller til dei som skulle komma innom tunet hennar.
Også i dag har ho ring på seg,
på den høgre litle fingeren.
-i vindauga finn du saft og blomar,
på veg ut
Anna med sol i håret
å ha venner er godt
utemåltid under eit morelltre i august

ho skriv heile alfabetet og spring fort
-elskar ho, høgare enn himmelen

Anna i reilo med fjorden som utsikt. Ho reilar kvar dag

og me diggar desse jentene her!




Og tusen takk for alle fine komentarane, det varmar. 
-det er jo dei som gjer bloggen levande.

Ho er lik ein filmskodespelar.

Anna og eg reiser høgt opp med bil,
for å sjå fjorden me bur i,
for å stå høgt over å kjenne på den store vakre naturen her,
for å visa jento mi kor dagane hennar oftast er.
Der oppe i høgden over bygda, bur Lise,
Lise er vakker,
 slank,
 oppreist,
 djupe augo,
hår oppsatt i nakken.
Ho er lik ein filmskodespelar.
Anna og eg stikker innom Lise,
for å sei sommarhei,
for å sjå ho,
ho finn kake og kaffi,
det er varmt,
det er seinsommar og snart haust,
me sitt på ein benk av stein,
me snakkar om å komma til ein stad,
 om å ta sin plass,
om å vera seg sjølv.

å drikke vin i lag i små sup med utsyn over fjordlanskap som mørket fell over og det er tidleg i august

Det er lykke
-å ha besøk av god veninne frå studietida,
som har med seg sin fine familie,
 -å sjå at Anna og Jonas nyt kvarandre, att latteren ligg høgt
-å snakke om kunst og kjærleik
-å drikke vin i lag i små sup med utsyn over fjordlanskap som mørket fell over og det er tidleg i august
-å vera trøtte, men glade saman
-å vera stolte i lag, over å ha kver vår familie på tre og med så mykje godt i vente

Takk for at dåko kom!

1 2 3 4 6